Museumspedagogisk påskeseminar 2018

Det årlege møtepunktet for alle som arbeider med formidling og utstillingar ved museum.

Vårstemning ved Tøyen hovedgård. Foto: Per Aas

Tid: 19. mars, kl. 09-16

Stad: Tøyen hovedgård

Invitasjon

Omkring i Noreg er det fleire tusen små og store museum som formidlar kunnskap innan mange fagfelt. På Museumspedagogisk påskeseminar kan alle som arbeider med dette kome saman og utveksle erfaringar knytt til pedagogikk, utvikling av utstillingar og arbeid med publikum.

Flotte omgivnadar ved Naturhistorisk museum. Foto: Karsten Sund

Seminaret inneheld føredrag, diskusjonar, utstillingsbesøk og uformell prat i pausane.

Bli med og lær av kvarandres erfaringar og refleksjonar! Møt kollegaer, delta i diskusjonar og samtalar, og sjå utstillingar på Naturhistorisk museum.

Dette er seminaret der 100 % av deltakarane seier dei vil kome tilbake til neste år!

Vi du bidra med føredrag, miniworkshop eller noko anna?

Det kan vere noko du har vore med på det siste året, kanskje noko som gjekk godt – eller skikkeleg dårleg! Fortelje oss om korfor det gjekk godt eller dårleg, eller korfor det var morosamt. Er det eit tema du brenn for, som du meiner bør drøftast i miljøet?

Dei glade deltakarane på Påskeseminaret 2015. Foto: Ram Gupta, NHM

Du vel sjølv formidlingsform. Det kan vere eit føredrag, film, verkstad, diskusjon, rollespel, song, springekonkurranse – kva du vil! Avhengig av kor mykje tid du treng, vil du få frå 15 til 30 minutt til rådigheit. I tillegg får du dine fagfellar sin fulle merksemd.

Publisert 17. jan. 2019 12:51