Museumspedagogisk påskeseminar 2019

Det årlege møtepunktet for alle som arbeider med formidling og utstillingar ved museum.

Vårstemning ved Tøyen hovedgård. Foto: Per Aas

Frist for påmelding: onsdag 20. mars

Omkring i Noreg er det fleire tusen små og store museum som formidlar kunnskap innan mange fagfelt. På Museumspedagogisk påskeseminar kan alle som arbeider med dette kome saman og utveksle erfaringar knytt til pedagogikk, utvikling av utstillingar og arbeid med publikum.

Flotte omgivnadar ved Naturhistorisk museum. Foto: Karsten Sund

Seminaret inneheld føredrag, diskusjonar, utstillingsbesøk og uformell prat i pausane.

Bli med og lær av kvarandre sine erfaringar og refleksjonar! Møt kollegaer, delta i diskusjonar og samtalar, og sjå utstillingar på Naturhistorisk museum.

Dette er seminaret der 100 % av deltakarane seier dei vil kome tilbake til neste år!

Vi du bidra med føredrag, miniworkshop eller noko anna?

Det kan vere noko du har vore med på det siste året, kanskje noko som gjekk godt – eller skikkeleg dårleg! Då kan du fortelje oss om korfor det gjekk godt eller dårleg, eller korfor det var morosamt. Er det eit tema du brenn for, som du meiner bør drøftast i miljøet?

Siste utgåve av Museumsnytt tok opp museas rolle i samfunnet. Har du erfaringar fra museet som deltakarer i samfunnsdebatten? Del gjerne dine erfaringar.

Dei glade deltakarane på Påskeseminaret 2015. Foto: Ram Gupta, NHM

Du veljer sjølv formidlingsform. Det kan vere eit føredrag, film, verkstad, diskusjon, rollespel, song eller ei konkurranse – kva du vil! Du vil få 15 til rådigheit. Treng du meir tid, for eksempel til ein aktivitet, gje oss beskjed.

Spørsmål?

Ta kontakt med Marit Elisabeth Grønbech

 

 

Publisert 7. feb. 2020 10:56