Frist for påmelding: onsdag 20. mars
Omkring i Noreg er det fleire tusen små og store museum som formidlar kunnskap innan mange fagfelt. På Museumspedagogisk påskeseminar kan alle som arbeider med dette kome saman og utveksle erfaringar knytt til pedagogikk, utvikling av utstillingar og arbeid med publikum.
Seminaret inneheld føredrag, diskusjonar, utstillingsbesøk og uformell prat i pausane.
Bli med og lær av kvarandre sine erfaringar og refleksjonar! Møt kollegaer, delta i diskusjonar og samtalar, og sjå utstillingar på Naturhistorisk museum.
Dette er seminaret der 100 % av deltakarane seier dei vil kome tilbake til neste år!
Vi du bidra med føredrag, miniworkshop eller noko anna?
Det kan vere noko du har vore med på det siste året, kanskje noko som gjekk godt – eller skikkeleg dårleg! Då kan du fortelje oss om korfor det gjekk godt eller dårleg, eller korfor det var morosamt. Er det eit tema du brenn for, som du meiner bør drøftast i miljøet?
Siste utgåve av Museumsnytt tok opp museas rolle i samfunnet. Har du erfaringar fra museet som deltakarer i samfunnsdebatten? Del gjerne dine erfaringar.
Du veljer sjølv formidlingsform. Det kan vere eit føredrag, film, verkstad, diskusjon, rollespel, song eller ei konkurranse – kva du vil! Du vil få 15 til rådigheit. Treng du meir tid, for eksempel til ein aktivitet, gje oss beskjed.
Spørsmål?
Ta kontakt med Marit Elisabeth Grønbech.