PÅMELDING ER IKKE STARTET ENDA
Frist for påmelding: 14. mars
![](/forskning/aktuelt/arrangementer/konferanser-seminarer/paskeseminar/tidligare-ar/2016/bilder/paviljongen-foto_karsten-sund.jpg)
lnvitasjon
Omkring i Noreg er det fleire tusen små og store museum som formidlar kunnskap innan mange fagfelt. På Museumspedagogisk påskeseminar kan alle som arbeider med dette kome saman og utveksle erfaringar innan pedagogikk, utvikling av utstillingar og arbeid med publikum.
Ifølge stortingsmeldinga «Musea i samfunnet» bør musea gjøre seg kjent med kven som besøker og kven som ikkje besøker musea, og arbeide målretta med å gjøre musea relevante for fleire, uansett alder, bustad, etnisitet, sosial status, økonomi etc. Temaet på årets påskeseminar er knytt til dette, men det er også rom for andre typer innlegg.
Programmet blir til etter kvart som dere melder inn forslag. Det blir også ei omvising i en av våre utstillinger og tid til uformell prat i pausene.
Vil du bidra med føredrag, miniworkshop eller noko anna?
Del med oss andre, og gi oss tips og råd om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Du vel sjølv formidlingsform. Det kan vere eit føredrag, film, verkstad, diskusjon, rollespel, song eller en konkurranse – kva du vil! Avhengig av kor mykje tid du treng, vil du få frå 15 til 30 minutt til rådigheit. I tillegg får du dine fagfellar sin fulle merksemd. Seminaret blir kva du gjer det til!
![](/forskning/aktuelt/arrangementer/konferanser-seminarer/paskeseminar/tidligare-ar/2016/bilder/dsc_6469-pedagogisk-dag-mars2015-deltagere-foto-ram-gupta-nhm-hires-smalt.jpg)
Meld inn ditt bidrag samtidig som du melder deg på seminaret, eller ta kontakt med Marit Grønbech!
Kontaktperson
Telefon: +47 971 81 921
E-post: m.e.gronbech@nhm.uio.no