Reviderer «umogleg» inndeling av norsk natur

– Det er umogleg, men eg skal gjera så godt eg kan, lova Rune Halvorsen då han fekk ansvar for å laga eit system for inndeling av norske naturtypar. Ti år seinare er versjon 2.0 klar.

Leirungsdalen i Jotunheimen, eit døme på mange naturtypar. Foto: Rune Halvorsen, NHM

I 2009 lanserte Artsdatabanken «Naturtyper i Norge» (NiN), som skulle gjera det råd å sortera eit kvart lite stykke Norge inn i eit felles system. Arbeidet hadde starta fem år tidlegare, og vore leia av professor Rune Halvorsen frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM).

– Men det tok ikkje så veldig lang tid etter at det var teke i bruk at vi innsåg at NiN-systemet hadde to store svakheiter, fortel Halvorsen.

Ikkje gode nok retningslinjer

Den eine store svakheiten var at systemet ikkje var eintydig nok. To kartleggjarar skulle kunne koma til nokonlunde same resultat når dei kartla det same området, men eit prosjekt som vart gjennomført i 2010 avdekka at forskjellane vart for store.

Den andre store svakheiten var at det ikkje fantest gode nok retningslinjer for kva som skulle til for at noko skulle definerast som ein naturtype, og noko anna ikkje.

– Dermed vart det altfor ofte at vi som sat og hadde ansvaret for naturtypeinndelinga sa at «ja, den godtek vi» og «nei, den godtek vi ikkje», utan at vi hadde gode nok retningslinjer for desse vurderingane.

Fullstendig gjennomgang

– Vi brukte t.d. mykje tid på å diskutera om slåttemark og beitemark er så forskjellige at dei burde vera eigne naturtypar, utan at vi klarte å koma fram til nokon konklusjon.

– Så sårbart for subjektive vurderingar, til og med lobbyverksemd, bør ikkje eit system vera som skal vera ein nasjonal standard, slår Halvorsen fast.

I 2012 sette derfor Artsdatabanken i gang ein fullstendig gjennomgang av det teoretiske grunnlaget for NiN, for å få bukt med dei svakheitene ein hadde oppdaga.

Mange steinar måtte snuast

Rune Halvorsen– Vi har fått ein metodikk for å svara på kva som bør vera ein naturtype og kva som ikkje bør vera det, seier Rune Halvorsen. Foto: Anette Edvardsen

– Til å begynna med tenkte vi vel alle at vi skulle gjera litt småjusteringar og rydda litt grums.

– Men det gjekk fort opp for oss at vi måtte gå heilt til botnen, og laga metodar for å kunna analysera oss fram til kva som skulle vera ein naturtype.

– Veldig mange steinar måtte snuast, og det brukte vi eit år på, seier Halvorsen.

Tida etter det har gått med til å anvenda desse nye metodane til å analysera seg fram til korleis naturtypeinndelinga skulle sjå ut, og i april vart NiN 2.0 lansert av Artsdatabanken, med mykje ros til Halvorsen og kollegane hans ved NHM.

250 sider

– Vi har løyst begge dei store svakheitene ved den førre versjonen. Vi har fått ein etterprøvbar, prinsippbasert metodikk for å svara på kva som bør vera ein naturtype og kva som ikkje bør vera det.

– Ved å bruka denne metoden har vi kome fram til at slåttemark og beitemark skal vera ein felles naturtype, og at forskjellen må beskrivast som ein eigenskap ved denne naturtypen.

– NiN 2.0 inneheld òg ein kartleggjingsrettleiar på ikkje mindre enn 250 sider, utarbeidd av Anders Bryn ved NHM. Slik skal sjølve kartleggjingane òg verta meir etterprøvbare, seier Halvorsen.

Aldri heilt i mål

Stortinget har vedteke at NiN skal brukast i den offentlege kartleggjinga av naturtypar i Norge, og har løyvt 25 millionar slik at arbeidet kan setjast i gang i år.

– Systemet skal takast i bruk i 2015, men med opning for å gjera justeringar før sommaren 2016, fortel Halvorsen.

– Vi er altså ikkje heilt i mål enno, men vi er veldig mykje nærare enn vi var med den forrige versjonen. Heilt i mål kjem vi aldri, naturvariasjonen er så kompleks at det alltid vil finnast ny kunnskap å avsløra.

Les meir

Denne saka er òg publisert på forskning.no

 

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 12. mai 2015 08:10 - Sist endret 4. aug. 2020 09:55