Hurra for belgfrukter!

2016 er FNs internasjonale år for belgfrukter. Det har belgfruktene absolutt fortent, seier botanikar Charlotte Sletten Bjorå.

2016 har så langt vore eit bra og travelt år for Charlotte Sletten Bjorå. Journalistar har teke kontakt for at ho skal fortelje om ei plantegruppe mange av oss ikkje veit så mykje om: belgfruktene.

- I byrjinga av året trur eg dei mest av alt såg på det internasjonale belgfruktåret som ein morsom gladsak, ein vits. Så har det vist seg at folk tykkjer dette er spanande: Journalistane eg har snakka med har vore overraska over kor mykje positive tilbakemeldingar dei har fått.

Charlotte Sletten Bjorå er botanikar med afrikanske planter som hovudfelt, og belgfruktentusiast. Ho viser fram eit lågt, fletta fat med eit fargerikt utval av belgfrukter. Dei ser fantastiske ut, som smykkesteinar, og når ein ristar på dei høyrest det ut som eit rytmeinstrument - men i tillegg til å ta seg godt ut er dei raude, kvite og brune perlene ei av dei viktigaste plantegruppene for å halde verdas menneske i live. 

Charlotte Sletten Bjorå
Charlotte Sletten Bjorå held fram fat med raude og svarte linser. Smykket ho har rundt halsen er òg ei belgfrukt. - På norsk heiter desse vettenyrer, fortel ho. Dei har kome til Noreg over havet, med Golfstraumen, og det har vore knytt mykje overtru til dei. Mellom anna trudde ein at å halde i ei slikt frukt under fødsel ville gjere fødselen lettare.

Sunt, klimavennleg, berekraftig

FN-organisasjonen for mat og landbruk skriv at målet med det internasjonale belgfruktåret er å "auke merksemda om belgfrukter som del av ein berekraftig matproduksjon, auke bruk av belgfruktbasert protein, auke den globale produksjonen av belgfrukter og auke bruken av vekselbruk".

- Belgfrukter er eit slags vidundermiddel, høyrest det ut til?

- Ja, men dei er nesten det! Som ein anstendig verdsborgar burde ein ete meir belgfrukter, pleier eg å seie. Det er nemleg så mykje som er bra med belgfrukter: dei er viktige matvarer, dei er miljø- og klimavennlege, og dei gjødslar seg sjølv så me slepp å bruke kunstgjødsel. Dessutan held dei seg i årevis! Og det kan jo i seg sjølv vere noko å feire no om vinteren, når tilfanget av fersk mat ikkje er all verda.

Kva er ei belgfrukt?

Det engelske namnet på belgfruktåret er "International year of pulses". På norsk finst det ikkje eit eige ord ord for «pulses», men det er dei tørre belgfruktene som skal feirast i 2016, forklarer Sletten Bjorå.

- Pulses er belgfrukter med tørre frø. Erter, linser og bønner høyrer til denne kategorien, medan peanøtter ikkje gjer det, seier Sletten Bjorå. - Og soya er heller ikkje ein pulse, understrekar ho. - Soya er det allereie veldig stor etterspurnad etter, og i mange område tek soya over for regnskog. For å fremje biologisk mangfald burde me ete variert, og ikkje bruke soya til alt. Så soyaen treng me ikkje eit internasjonalt år for.

Fat med ulike belgfruktfrø
Charlotte Sletten Bjorå viser fram ulike belgfrukter.

Proteinrike

Belgfrukter inneheld 20 til 30 prosent protein, og dermed er dei ei veldig viktig matvare verda over.

- 2 av 3 kaloriar me et kjem opprinneleg frå frø - tenk til dømes på mais og soya som dyrefor. Viss me hadde ete belgfruktene sjølv i staden for å gje dei til dyra, kunne me brødfødd fleire menneske.

Tørre frø

I det tørre miljøet der desse belgfruktene tradisjonelt veks, er det viktig å ikkje spire med ei gong dei første regndråpane kjem. Frøa har tjukke hinner, som ikkje spirer før det har regna ei stund og jorda er våt. Mange frø er òg avhengige av sandpolering for å spire - anten med sandpapir når dei vert dyrka av menneske, eller i form av naturleg sandsliping av blåsande sand i ørkenen. Dei tjukke hinnene gjer at frøa kan oppbevarast nærast uendeleg lenge - ein har funne spiredyktige frø frå belgfrukter i grava til Tut-Ankh-Amon!

Gjødslar seg sjølv

For at planter skal kunne vekse, er nitrogen eitt av dei viktigaste næringsstoffa. Derfor er nitrogen hovudingrediensen i kunstgjødsel. Men belgfruktene fikser dette sjølv:

- Belgfrukter har ein spesiell bakterietype på røtene som fikserer nitrogen frå lufta. Kløver er til dømes ei belgfrukt, som har vore mykje brukt i norsk landbruk, både konvensjonelt og økologisk. Dermed er dyrking av belgfrukter ein måte å forbetre jorda, forklarer Sletten Bjorå.

Ta vare på kunnskapen

Belgfruktene har vore viktige lenge - det er funne 9500 år gamle restar av belgfrukter, og me veit at belgfruktene vart domestiserte så tidleg som for 7500 år sidan. Her i vår del av verda vart det i Sverige dyrka belgfrukter i vikingtida, rundt år 800. Til samanlikning kom poteta, som ofte vert rekna som ei veldig "norsk" matvare, til Noreg på 1700-talet. Samanlikna med erter er poteten altså ei nymotens greie, seier Sletten Bjorå.

- Me vert meir og meir distanserte frå maten me et og kor den kjem frå. Då er det enno viktigare at me gjer ein innsats for å bevare og vidareutvikle kunnskapen om matproduksjon. Det gjeld både dei som arbeider i produksjon av mat, botanikarar og andre som forskar på belgfrukter - men òg "vanlege folk" burde lære meir om belgfrukter, meiner Sletten Bjorå. - Derfor er det veldig hyggeleg at det har kome så mykje positive tilbakemeldingar om belgfrukter. Det syner at FN-året har ein funksjon.


Av Tekst og foto: Inger Størseth Haarr, kommunikasjonsrådgjevar NHM
Publisert 12. feb. 2016 14:19 - Sist endret 16. feb. 2016 13:15