Atlas over norske karplantar ferdig etter 63 år

Firebindsverket viser korleis norske karplantar er utbreidde.

Utbreiing av vill silkenellik, som prydar framsida av boka (t.h.). Ill. frå boka

– Atlaset viser ikkje berre kvar dei ulike artane er observerte. Vi prøver òg å forklara kvifor dei har den utbreiinga dei har, seier professor Reidar Elven ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo.

Saman med Oddvar Pedersen, òg NHM, og Eli Fremstad frå NTNU Vitenskapsmuseet står han bak fjerde og siste bind av ”Distribution maps of Norwegian vascular plants”.

Dei deler inn karplantane i tre hovudkategoriar: dei som har nådd grensa for potensiell utbreiing, dei som ikkje har fylt potensialet sitt enno, og dei som er over toppen og i tilbakegang.

– Her til lands finn vi til dømes vill silkenellik berre i Finnmark. Vi meiner den har spreidd seg austfrå ganske raskt på all den opne marka etter at siste istid slutta.

– Så vart spreiinga bremsa då plantedekket vart tettare, men vi trur likevel at den har ikkje nådd grensa for potensialet sitt enno, seier Elven. Silkenelliken prydar elles omslaget til bind fire, sjå til høgre.

Den einaste gjenlevande

Sibirstjerne er derimot eit døme på ein plante som har passert toppen. Den lever på sandkantane ved elver og sjøar, og her til lands er den kjent berre frå Rørostraktene. Nesten alle individa vart utrydda ved ei vassdragsregulering i 1923.

– Av dei to siste gjenlevande plantane, døydde den eine så å seia framfor augene på meg. I 1968 hadde den tre skot, då eg kom tilbake året etter hadde den to, og ingen året etter det, fortel Elven.

Dermed var naboen 300-400 m lenger unna den einaste gjenlevande sibirstjerna i Noreg. Men grunneigaren tok ansver, og bygde ein liten mur rundt planten for å verna mot utturking. Dei pensla blomane med pollen frå andre blomar og lukkast med å dyrka fram fleire nye plantar, som no veks rundt gardsbygningane deira og vert planta ut att på sjøstranda ved Aursunden.

Næraste forekomst 7000 km borte

– Utan innsatsen deira ville nok planten vera utdøydd hjå oss, rosar Elven.

Sjølv om sibirstjerne nesten er borte her til lands, finst den nokre få stader i Karelen og på Kola og er vanleg i Sibir og Alaska. Ein annan art som lever på stader langt får kvarandre, er finntelg, som berre finst ved Altaelva  i Norge og nokre få stader i Finland. Den næraste forekomsten ligg 7000 km borte, ved Lenaelva i Sibir.

– Det tyder på at desse artane tidlegare har vore utbreidde i dei mellomliggjande område, men altså ikkje no lenger. Styrken med distribusjonsatlaset vårt er at vi ofte kan kome med kvalifiserte gjetningar på kvifor artar har den utbreiinga den har.

– I tillegg til om lag 133 000 innsamlings- og observasjonsdata som boka inneheld, har vi òg teke med oversikt over dei data som vi har vurdert som ikkje tilstrekkjeleg gode. Vi forkasta minst ein firedel av alle opplysningar. For enkelte artar utgjer oversikta over forkasta data åleine ei heil bokside, seier Elven.

Endra syn

Bindet er siste ledd i eit arbeid som tok til alt i 1950. Det var då Forskingsrådet, eller NAVF som det heitte den gongen, gav finansiering til eit distribusjonsatlas for norske karplantar, altså alle landplantar unntatt mosane.

Fyrste bindet kom i 1960, og omhandla kystplantar. Så vart det ein lang pause, før bind 2 (fjellplantar) og 3 (søraustlege varmekjære plantar) kom i 1990 og 1996. Undervegs vart synet på korleis Norge fekk sitt plantedekke, endra.

Reidar Elven. Foto: Heidi Solstad, NTNU

På 1800-talet vart det klart at naturen ikkje alltid hadde vore som den er no. Spor etter det som berre kunne vera is, vart oppdaga så langt sør som i England og Mellom-Europa.

Etter at istidene dermed var "oppdaga", fann den norske botanikaren Axel Blytt ut at klimaet etter istidane òg hadde skifta, og ulike plantar kunne ha kome inn med ulike klima.

Har blitt forelda

Dette var idéen bak Floraatlaset, 75 år etter at Blytt kom med sin teori. Men særleg fjellplantane var problematiske å forklara.

Rundt 1900 kom fleire forskarar fram til ein teori om at plantar (og dyr) kunne ha overlevd på fjelltoppar – nunatakar – under ei eller fleire istider. Denne teorien  fekk navnet overvintringsteorien.

– Vi som studerte på 1970-talet, rekna overvintringsteorien som i hovudsak forkasta. Den kan muligens gjelda for enkeltartar, men ikkje allment. Men særleg bind 2, fjellplantebindet, er skrive av tilhengjarar av teorien, så slik sett har delar av verket blitt forelda før det vart ferdig.

Elven peikar òg sjølv på at verk av denne typen, der ein samlar kunnskapen mellom to permar og set siste punktum og to strekar under svaret, i seg sjølv er forelda.

Letraset

– Til denne boka la vi framleis til nye viktige prikkar på karta medan arbeidet med layouten pågjekk i februar i år. Hadde vi starta dette arbeidet i dag, ville vi ha henta data direkte frå herbaria og laga ei nettbasert løysing, der vi utan å lempa på kvalitetskrava kunne ha oppdatert informasjonen kontinuerleg, seier Elven.

Prikkane viser på karta kvar dei enkelte artane er observert eller samla inn. I bind 1 vart dei teikna inn med tusj, og denne gongen med dataverktøy, men for bind 2 og 3 var det ein annan teknologi som gjaldt:

– Dei brukte Letraset til prikkane. Vi arbeidde i utgangspunktet med dårlege fotokopiar av arka, men ved eitt høve fann vi ut at vi skulle konsultera originalane. Men då vi lyfte på arket, glei alle lokalitetane av og låg i ein haug ved føtene våre. Letraset-prikkane hadde losna, og berre skuggane etter dei var att på kartet.

Denne artikkelen er òg publisert på forskning.no

Sibirstjerna på Røros. Merk muren bak. Foto: Eli Fremstad, NTNU

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 6. mai 2013 05:00 - Sist endret 4. aug. 2020 10:54