Rosar Lørenskog for val av kommuneblome

Lørenskog kommune har valt den truga arten kjempesoleie som sin kommuneblome, og får ros og gratulasjonar frå Naturhistorisk museum.

Per Madsen viser fram kjempesoleie. Foto: Kristina Bjureke, NHM

– Medan andre kommunar har valt blomar som finst ”overalt”, som tyttebær og hestehov, har Lørenskog gjort ein grundig prosess for å finna ein art som er typisk for kommunen, fortel botanikar Kristina Bjureke frå NHM.

Ho er akkurat komen inn døra etter ein guida tur i kommunen sin regi for å sjå den nykåra kommuneblomen. Guide for turen har vore Per Madsen frå Norsk Botanisk Forening, som mellom anna har samla inn frø frå kjempesoleie til NHM.

Sterkt truga

– Kjempesoleie er nemlig ein av dei artane som NHM bevarar ex situ, dvs. at vi dyrkar fram arten utanfor der den veks til vanleg. Kjempesoleie er forsvunnen frå 60 % av dei kjente veksestadene i Norge, og vert vurdert som ein sterkt truga (EN) art.

– Lørenskog har dermed ikkje berre valt ein art som ikkje finst så mange stader, men får òg fram at artsmangfaldet i landet er truga, seier Bjureke.


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 15. aug. 2013 16:22 - Sist endret 27. okt. 2017 13:13