Vandalar i Victoriahuset

Blomen til kakaotreet veks rett på stamma. Foto: Kristina Bjureke

Uærlege og klønete hender har fjerna fruktene frå kakaotreet i Victoriahuset og skada det. Planlagd utstilling og undervisning for skuleklassar får òg svi.

– Dei aller fleste av gjestene våre viser heldigvis stor respekt for plantane våre. Men av og til skjer slikt som dette, og det er like fortvilande kvar gong, seier Finn Ervik, prosjektleiar ved NHM.

Kakaotreet er eit viktig og populært innslag i undervisninga til skuleungdom. Dei fleste har eit tilhøve til drikken, men mange vert overraska av at fruktene veks rett på stamma. Dei modnar heller ikkje samstundes, slik at modne og umodne frukter kan veksa side om side.

– Men det krever opplæring å hauste kakaofrukter varsamt nok, og den opplæringa har ikkje tjuvane i Victoriahuset hatt. Den uvørne måten fruktene er fjerna på, minskar blome- og fruktsetjing i framtida, seier Ervik.

Etterlet krypdyr og fisk

NHM skal opna ei kakaoutstilling til hausten, og planen var å bruka desse fruktene i utstillinga. No vert det ei utstilling utan eigne kakaofrukter.

Ervik fortel at tjuveri ikkje er einaste problemet i planteutstillingane.

– Frå tid til annan etterlet folk krypdyr og fisk, kanskje fordi dei ikkje klarar kvitta seg med dei på andre måtar. Men dei kan gjera stor skade på det dyrebare plantematerialet vårt, og det kan vera svært krevjande å verta kvitt dei att.

Unntak

– Av og til forsvinn heile eller delar av plantar. For dei som tek seg til rette, verkar kanskje handlingane uskuldige og bagatellmessige, men dei kan ha store negative konsekvensar for arbeidet vårt, og for skuleelevar og andre gjester, seier Ervik, som understrekar at episodar som dette høyrer til unntaka.

– NHM har fleire hundre tusen besøkjande i året, og dei aller fleste oppfører seg som sagt eksemplarisk. Det er dei som er inspirasjonen vår for å laga stadig betre utstillingar og publikumstilbod, forhåpentleg òg etter kvart med heimeavla kakaofrukter.

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 21. jan. 2013 10:33 - Sist endret 2. des. 2019 11:49