200 hageår mellom to permar

– Denne boka har eg gått svanger med i to år. Eit langt svangerskap, smilte forfattar Liv Borgen då boka "Botanisk hage 1814–2014" vart lansert i dag.

Liv Borgen med "Botanisk historie 1814–2014. Historien om en hage". Foto: Kristina Bjureke, NHM

NHM feirar i år at det 200 år sidan den eldste delen av museet, Botanisk hage, vart grunnlagt. Då måtte sjølvsagt historia om Botanisk hage skrivast.

Oppgåva gjekk til Liv Borgen, tidlegare styrar av Botanisk hage, tilsett gjennom 40 år og no professor emerita.

– Eg takkar NHM for denne muligheiten, sa Borgen då boka vart lansert på Tøyen hovedgård i formiddag, med museumstilsette og inviterte gjester som publikum.

– Sjølv om eg har skrive eit par bøker før, er dette fyrste gong eg samarbeider med eit vanleg forlag.

– Det har vore ein hektisk innspurt mot deadline, sa ho, og fortalde at det meste av påskeveka hadde gått med til korrekturlesing.

– Alltid hektisk

Trygve Riiser Gundersen har vore redaktør for boka hjå Forlaget Press, som gjev ut boka. Han kunne beroliga med at det alltid er hektisk under boklanseringar.

– Og dei gongene det har vore hektisk, har det vore vi som har hatt ansvaret og ikkje du. Det har vore ei glede å samarbeida med Liv, la han til i sitt innlegg. Han sa òg at ein del av motivasjonen frå forlaget si side for å gje ut boka, var kjennskapen dei hadde på førehand om Botanisk hage som ein fantastisk stad.

Historien om Botanisk hage som Borgen tek oss med på i boka, går gjennom mange faser. Sidan hagen vart grunnlagt berre to veker etter at Grunnlova vart underskrive på Eidsvoll, var det dei fyrste åra viktig for Botanisk hage å bidra til at den unge nasjonen kunne vera sjølvforsynt.

DNA-forsking og bevaring

Men forskinga på nyttevekster var ikkje utan konfliktpunkt med den reint vitskaplege botanikken, og dei fyrste hundre åra eller så framstår som ein drakamp mellom ulike interesser og sterke personlegheiter.

Då museumsbygningane kom på byrjinga av 1900-talet, var det håp om at heile Universitetet i Oslo skulle flytta hit, eller i alle fall dei naturvitskaplege faga. Men då dei vart lagt til Blindern, endte Botanisk hage og musea i ei bakevje som ikkje vart mindre av plasseringa på austkanten.

Borgen tek oss med heilt fram til i dag, ein kvardag der DNA-forsking har revolusjonert biologien og bevaring av utrydningstruga arter. Så oppdatert er boka at den ikkje berre fortel om veksthusprosjektet som vart avbrote og starta på nytt i fjor, men òg om anlegg som opnar i jubileumsåret. Til og med Vikinghagen som fyrst opnar i august, er omtalt.

Fotoutstilling

Men det er ikkje berre den fascinerande historia til hagen som gjer at dette er ei bok alle som er glad i Botanisk hage bør ha. Fotograf Guri Dahl har teke ei rekkje nye bilete, som har fått god plass i boka. Dette er ei bok ein kan bla i mange gonger.

Anne Vaalund frå Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) har vore biletredaktør for boka, og har gravd fram mange lite kjende motiv frå Universitetshistorisk fotobase. Både historiske bilete og Guri Dahl sine nye bilete vil inngå i fotoutstillinga "Botanisk hage 1814–2014. Fotohistorien om en hage", som opnar under den store jubileumsfesten til NHM 1. juni.

Bjørn Vidar Johansen, han òg frå MUV, har bidratt med tekst om arkitekturen på bygningane på Tøyen.

Boka kan kjøpast i museumsbutikkane frå i dag. Rettleiande pris frå forlaget er 440,-, men i butikkane ved NHM får du den for 385,-.

Løp og kjøp.

Alle som er involvert i bokprosjektet om Botanisk hage, fekk sjølvsagt blomebukettar. Men sidan Liv Borgen (t.h.) skulle vidare og ikkje rokk å reisa heim med bujketten, gav ho den vidare til gartnarane, som har vore avgjerande for drifta gjennom 200 år. Til høgre: Trygve Riiser Gundersen frå forlaget. Foto: Kristina Bjureke, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 23. mai 2014 12:56 - Sist endret 27. okt. 2017 13:13