Geologi på Samtidsmuseet

Foto: Andreas Harvik, Nasjonalmuseet

I ei ny utstilling på Museet for samtidskunst finn du geologiske prøvar frå NHM mellom grantre, collagar og gardiner.

− Vi låner jo rett som det er ut prøver frå dei geologiske samlingane, men det er gjerne til forskarar ved andre institusjonar. Denne typen utlån er ikkje like vanleg, smiler Hans Jørgen Berg, overingeniør ved NHM.

I utstillinga ”Formløshetens Wunderkammer”, som opna på Museet for samtidskunst i helga, har kunstnaren Kirstine Roepstorff teke utgangspunkt i temaet ”Wunderkammer”, eller raritetskabinett.

Steinar, krystallar og fossilar

Stor steinprøve, Rune Selbekk og Anita RebolledoPrøven på 1,7 tonn er buksert på plass i utstillinga. Fyrstekonservator Rune Selbekk, NHM og prosjektleiar Anita Rebolledo frå Samtidsmuseet. Foto: Ellen C. Sjøwall, NHM

Roepstorff viser eigne verk saman med objekt frå museumssamlingar og loppemarknadar. Veggane er dekte av gardiner, og mellom høge grantre og skulpturar står vitrinar med ulike gjenstandar, og det er her vi finn steinar, krystallar og fossilar frå NHM.

− Samlingane er jo det vitskaplege fundamentet for museet, så det er jo ikkje slik at vi låner ut til kven som helst. Men vi stiller gjerne opp når vi kan.

− Sjølv om det vart litt logistiske utfordringar når vi skulle flytta den tyngste prøven, på 1,7 tonn,  humrar Berg, og legg til:

− Når folk ha sett ”Formløshetens Wunderkammer”, må dei gjerne ta turen opp hit til Tøyen. For dei finaste prøvane har vi sjølvsagt framleis utstilt hjå oss sjølve.

Formløshetens Wunderkammer står fram til 19. februar 2012.

Fra utstillingenSteinar og mineral frå NHM saman med forgylt brurekrune og andre kunstgjenstandar. Foto: Andreas Harvik, Nasjonalmuseet

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 24. okt. 2011 15:49 - Sist endret 26. sep. 2014 09:52