Ida vitjar heimtraktene

Fyrst var det forskarane som studerte henne nokre dagar, no er det det tyske publikummet som får høve til å sjå fossilet ”i levande live”.

Nyleg vart det halde ein forskarkonferanse med rundt 250 deltakarar ved Senckenberg-instituttet i Frankfurt om livet i Messel.

Messel er som kjent området der Ida vart funnen, og Jørn Hurum hadde med seg det originale fossilet i bagasjen då han reiste nedover til konferansen.

− Av dei tre dagane konferansen varte, var den eine nesten heilt via Ida, eller Darwinius masillae som er det fagleg korrekte navnet. I tillegg var det ein halvdags ”Ida workshop” for spesielt inviterte, fortel han.

Sakleg diskusjon

− Sjølv om det framleis er mange som ikkje er samde i konklusjonane våre, var det oppmuntrande at det gjekk an å halda ein sakleg diskusjon om faglege ueinigheiter.

− Det var òg moro å sjå kor mange av dei andre forskarane som hadde lurt inn bilete av Ida ein eller annan stad i presentasjonen sin, uavhengig av kva dei elles meiner om fossilet.

Frå utstilingsopninga i MesselEsther van Hulsen (t.v.) og Jørn Hurum under utstillingsopninga i besøkssenteret i Messel. Foto: Besucherzentrum Grube Messel ©

Utstilling i besøkssenter

Etter at konferansen var over, vart Ida frakta til besøkssenteret i Messel, der ho vert utstilt for publikum i eit nytt besøkssenter som opna i fjor.

Saman med Ida-fossilet er òg motstykket, "plate B", utstilt. Dei to delane var begge ved Senckenbergmuseet i fjor, men ingen av dei har vore tilbake i Messel tidlegare.

Utstillinga varer til 4. desember, og fossilet er venta å vera på plass hjå NHM att rundt den 10. desember.

− Vi hadde òg med Esther (van Hulsen) sine originalbilete til barneboka om Ida, og dei gjekk inn som ein del av utstillinga.

National Geographic

− Til saman vart det ei utstilling som fekk ein del omtale i pressa, fortel han, og legg til at han håpar utstillinga kan bidra til at den omtalte boka kan verta gjeven ut i Tyskland.

Han nevner òg at National Geographic no har laga ein ny omtale av Ida på nettsidene sine, med bilete frå boka og utstillinga til NHM.

Noko av presseomtalen

  • Ein Ur-Äffchen bezaubert alle (Frankfurter Rundschau)
  • Theater um IDA: Kinderprogramm zur Sonderausstellung im UNESCO Welterbe Grube Messel (touristiklounge.de)
  • Urzeitäffchen „Ida“ erobert die Herzen im Sturm (Echo online)

Deltakarane på konferansenFinn Jørn Hurum: Frøydis frå Oslo var den fyrste som fann Jørn Hurum, og får Ida-bok i posten.. Foto: Senckenberg-instituttet ©
Fasit

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 30. nov. 2011 09:21 - Sist endret 6. apr. 2022 14:10