Norges 16. meteoritt som gåve til NHM

– Ei fantastisk gåve, seier Rune Selbekk om den 800 grams store biten som Terje Fjeldheim har donert til Naturhistorisk museum. Meteoritten vart funnen i Setesdalsheiane.

Terje Fjeldheim viser fram meteoritten på museet. Foto: Torstein Helleve, NHM

Førre helg var Terje Fjeldheim i Stavanger for å sykla Nordsjørittet. Han hadde eit par ledige dagar i etterkant, så på heimvegen tok han eit par dagar med fiske i Setesdalsheiane.

Han la merke til ein spesiell stein i ei torvmyr, og sidan han har studert geologi sjølv, skjøna han at det var ein meteoritt.

I dag besøkte han NHM med steinen, og professor Elen Roaldset og fyrsteamanuensis Rune Selbekk kunne med ein gong fastslå at det var ein meteoritt.

– Det har vore mykje meteorittar i media dei siste månadane, og vi får nesten dagleg henvendelsar frå publikum som lurer på om dei har funne ein.

–  Dei aller fleste må vi dessverre skuffa, men dette er ekte vare, seier Selbekk.

Skal undersøkjast

Det er berre funne 15 offisielt godkjende meteorittar tidlegare i Norge. Denne meteoritten er delt i to store og fleire små delar, som til saman veg rundt 4,5 kilo. Det gjer den til den tyngste meteorittensom er funne sidan 1902. Men den gjekk faktisk ned i vekt dei fyrste dagane Fjeldheim hadde den heime hjå seg.

– Dette er ein porøs kondritt. I det fuktige miljøet den låg, vil den ha sugd til seg vatn, men når den kjem inn i eit turrare miljø, fordampar vatnet og vekta går ned, forklarar Selbekk. Han anslår at meteoritten kan ha falt ned for eitt års tid sidan.

Meteoritten skal no undersøkjast ved Naturhistorisk museum. Den tyngste biten vil Fjeldheim behalda, men den nest største biten på 800 gram har han altså gitt til museet.

– Svært glade

– Vi er sjølvsagt svært glade for at Fjeldheim ynskjer å donera den til museet og få den utstilt med navnet sitt, seier Roaldset.

– Vi ynskjer oss ei ordning der Staten har rett til alle meteorittfunn, mot at finnaren vert kompensert, men i Norge er det slik at finnaren er vinnaren når det gjeld meteorittar. Så vi set stor pris på rausheita til Fjeldheim.

– Han har uansett gjort slik vi oppmodar alle om å gjera som trur dei har funne ein meteoritt: kontakt Naturhistorisk museum og få meteoritten undersøkt og offisielt registrert. Etterpå står dei fritt til å gjera kva dei vil med den, seier Roaldset.

Sjå òg

Dette kan være en av de største meteorittene Norge har sett (NRK, 14.6.13)
- Dette er vanvittig spennende (Dagbladet, 14.6.13)
Mer om meteoritter

Slik låg meteoritten då den vart funnen. Foto: Terje Fjeldheim

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 14. juni 2013 15:59 - Sist endret 6. nov. 2013 10:22