Pris til NHM-student for beste presentasjon

Masterstudenten Aubrey Roberts fekk 1. pris for beste studentpresentasjon under Vinterkonferansen til Norsk Geologisk Forening i førre veke.

– Eg har vel ikkje heilt landa endå, smiler Roberts, tilbake i kjellaren i W.C. Brøggers hus (Geologisk museum), der ho med tolmodig hand pirkar fram dei fossile restane etter fiskeøgla som var tema for presentasjonen hennar.

Fiskeøglefossilet er eitt av dei mange som Øglegravarane frå NHM har gravd ut på Svalbard. I presentasjonen sin forklarte Roberts kvifor ho meiner fossilet skriv seg frå ein art som til no har vore ukjend for vitskapen.

– Anatomi er ikkje blant dei vanlegaste tema på Vinterkonferansen, så eg la ned ein del arbeid i å få stoffet så enkelt at til og med geologar kunne forstå det, spøkjer Roberts, som er knytt til CEES i tillegg til NHM.

Ta doktorgraden

I tillegg til den pedagogiske framstillinga, trekte juryen fram entusiasmen hennar som det som skilde henne ut frå dei andre deltakarane. Shell gjev prisvinnaren 30.000,- som ho kan bruka til kva ho vil. Planane hennar er alt klare.

– Eg er ferdig med masteroppgåva mi før sommaren, og då startar arbeidet med doktorgraden. Prispengane vil eg bruka til å delta på utgravingar ein eller annan stad, kanskje Argentina, seier Roberts. Ho skal tilbake til heimlandet England og ta doktorgraden ved eit av universiteta der.

Saman med Roberts blant dei fire finalistane var òg Øyvind Sunde frå NHM, som dermed hadde god utteljing i konkurransen. Sunde arbeider med mineralogien på ein av pegmatittane i Øvre Eiker.

Aubrey Roberts under Vinterkonferansen til Norsk Geologisk Forening. Foto: Hans Arne Nakrem, NHM

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 14. jan. 2013 16:20 - Sist endret 6. nov. 2013 10:22