Noregs største gullklump til NHM

Den største gullklumpen som er vaska ut av ei elv i Noreg kom til NHM denne veka - i ein tom snusboks.

Ein blå konvolutt, sendt rekommendert. Inne i konvolutten: Ein snusboks av merket General. Inne i boksen: Den sannsynlegvis største gullklumpen av sitt slag i Noreg.

- Den er tyngre enn ein skulle tru, ikkje sant?, seier Rune S. Selbekk. Han er førsteamanuensis i geologi, og det var han som mottok pakken med gullklumpen. Klumpen er ei gåve til NHM frå Geologisk Museums Venneforening, og vart kjøpt frå ein svensk gullgravar - derav den svenske snusboksen.

Sjå gullklumpen i ny utstilling

Gullklumpen er funnen i ei elv i Oppdal, og er den største gullklumpen me veit om som er henta ut av ei elv i Noreg.

- Me er opptekne av å ha dei beste gjenstandane av norsk geologisk materiale. Det er ein del av vårt ansvar som museum, og går heilt tilbake til W. C. Brøgger sine innsamlingar av mineral på 1800-talet. Denne gullklumpen går rett inn i den nye utstillinga vår, Stein og bein. I utstillinga frå publikum sjå dei aller finaste minerala og fossila frå museet!, smiler Selbekk.

Gullklumpen i håndflate. Klumpen er ca 1,5 cm i diameter
Den ser kanskje liten ut, men denne gullklumpen - eller nuggeten, som den heiter på fagspråket - er uvanleg stor. Vekta er heile 17 gram.

Gullgraving finst ikkje berre i Donald

- Det finst framleis folk som leiter etter gull på "donald-måten", fortel Selbekk. - Ein tidlegare sykkelreperatør frå Oslo, han heitte for sikkerheits skuld Gulbrandsen, reiste mellom anna nokre somrar til Sagajokki i Finnmark og dreiv med gullvasking i elvene der. Han er vel den einaste, eller i alle fall den mest kjende, nordmannen som faktisk delvis har livnært seg på å leite etter gull.

Gullgravarane som fann klumpen som no er komen til NHM, har rett nok oppgradert teknikkane frå Klondyke-perioden. Dei nye teknikkane er kanskje litt mindre sjarmerande, men prinsippa er likevel dei same:

- I dag har dei som vasker gull på seg tørrdrakter, og dei bruker slamsugarar for å vaske gull ut av elver. Gulljegarane går systematisk oppover elva for å prøve å finne ut nøyaktig kor gullåra ligg. Elva fraktar gullet nedover frå der åra ligg, så gulljegarane går oppover elva til dei ikkje finn meir gull. Då veit dei at åra ligg like nedanfor den staden i elva der det ikkje er meir gull å finne. Eg har sjølv vaska gull i ei bre-elv i Lom, fortel Selbekk. - Det var ei spanande og kald oppleving.

Gullåre - eigentleg kvarts med litt gull i

Gullårer slik me kjenner dei frå Donald, som ei åre av reint gull, er i verkelegheita mykje mindre spektakulær. Utanfor teikneserieblada finst gullet som små korn inne i ei åre av kvarts.

- Det meste av gullet me kjøper i butikken, kjem frå gullmalm som inneheld om lag 2-4 gram gull per tonn stein, seier Selbekk. - Då kan ein rekne seg fram til kor mange tonn som skal til for å lage ein – eller enno verre, to – gifteringar. Det vert fort 5-6 tonn stein for eit par små ringar. Den største gullklumpen i verda vart funnen i Australia, og vog heile 86 kilo! Men det er veldig sjeldan at ein finn store klumpar av gull.

Bilde av gullklumpen
Gullnuggeten som kom til NHM i ein snusboks. Foto: Øyvind Thoresen

Publisert 21. jan. 2016 09:22 - Sist endret 19. mai 2022 09:28