Insekt

Elvesandjeger

Elvesandjeger (Cicindela maritima), ein art som er oppført som sterkt trua på den norske raudlista. Foto: Karsten Sund

Dei fleste vaksne insekt har berre 6 bein, i motsetning til andre leddyr. Dei fleste har også venger, gjerne to par. Hjå mygg og fluger er bakerste vengepar heilt redusert, medan hjå andre grupper, til dømes biller og teger, er fyrste vengepar omdanna til dekkvenger. Insektkroppen er samansett av tre tydelege delar: hovud, bryststykke (thorax) og bakkropp (abdomen). Kvar del er viare samansett av fleire segment. Vanlegvis har hovudet eit par ledda antenner og eit par store fasettauge. Munndelane fortel mykje om insekta sitt levevis og dei kan vera ganske spesialiserte. Her finn vi alt frå kraftige gripekjevar til nålespisse sugerøyr.

Fram til i dag er det i alt beskrive omkring ein million artar av insekt i verda. Anslag over talet på ukjende artar varierer frå 2 til 10 millionar. Omtrent 16.000 artar så langt er registrert i Noreg, men ut frå faunaen i våre naboland, kan det tyda på at det finnast ytterligare 8.000 artar.

NHMs insektsamling inneheld vel 2,5 millionar dyr, både frå Noreg og utlandet. Samlinga vert hovudsakleg nytta til vitskapelige formål. I vår forsking beskriv vi ulike insektgrupper og deira utviklingshistorie. I dette arbeidet inngår både studiar av artane sin oppbygning og leveviset deira, i tillegg til molekylære analysar av arvestoffet til artane. Vi er også med på å kartlegga artane si utbreiing nasjonalt og globalt, desse resultata vert nytta blant anna i arbeidet med å ta vare på, forvalta og dokumentera norsk fauna.

Publisert 26. mars 2009 13:10 - Sist endret 29. mai 2018 10:59