Nytt biomangfaldskart etter 136 år

Det skulle gå nesten halvtanna århundre før Alfred Wallace sitt kart over dei dyregeografiske regionane på jorda vart oppdatert.

Det nye kartet over dyregeografiske regionar. Ill. Journal Science/AAAS. Klikk her for større versjon

Alfred Wallace er mannen som i 1858 uavhengig av og nesten samstundes  med Charles Darwin presenterte teorien om evolusjon ved naturlig seleksjon, året før Darwin gav ut ”The Origin of Species”.

I 1876 la Wallace fram eit verdskart som var delt opp i dyregeografiske regionar, og det er dette kartet som no har blitt oppdatert av ei forskargruppe ved Center for Makroøkologi, Evolution og Klima i København, leia av Ben Holt og Jean-Philippe Lessard. Artikkelen er publisert i det anerkjente tidsskriftet "Science".

– Oppdateringane våre er betydelege, og ikkje alltid intuitive. Likevel er dei ikkje større enn at ein må la seg imponera av Wallace si fundamentale innsikt, trass at han mangla dei sofistikerte verktøya og dei datamengdene vi har i dag, seier Dimitar Dimitrov, ein av forskarane bak studien, og som no er post.doc. ved Naturhistorisk museum.

Pattedyr, fuglar og amfibium

Dei har sett saman geografiske og evolusjonære opplysningar om alle kjende pattedyr, fuglar og amfibium, totalt meir enn 20 000 arter. På dette grunnlaget har dei delt inn verda i elleve store biogeografiske regionar. Desse regionane kan i sin tur delast inn i mindre regionar for å avspegla finare mønster i utbreiinga av og tilhøvet mellom artar.

– Men framleis står mykje arbeid att. Vil kartet stemma like godt for andre dyregrupper enn dei tre vi har undersøkt? Vil det stemma for andre livsformer, som plantar? Ofte kan det kan sjå slik ut, men vi kan ikkje seia det sikkert utan at det vert gjort grundigare undersøkjingar, seier Dimitrov.

– Vansken er at vi har mykje mindre kunnskap om andre dyregrupper, t.d. insekt. Mange artar veit vi kanskje ikkje meir om enn at dei er funne den eine gongen på den eine staden då dei vart beskrivne for fyrste gongen. Det er eit spinkelt grunnlag for eit utbreiingskart, seier han.

Det opphavlege kartet av Alfred Wallace. Klikk her for større versjon

Stammar frå Sør-Europa

Nokre av endringane som er gjort, er at Oseania no er ein eigen region, det same gjeld Panamaområdet. Blant dei mindre omfattande endringane er at dei nordlegaste område av Asia og Nord-Amerika er anerkjent som ein eigen underregion, og at Middelhavsområdet ikkje lenger vert rekna som eit samla område.

– Ein skulle kanskje tru at dette var same region, sidan klimaet nord og sør for Middelhavet er nokonlunde likt. Men studiane våre viser at sjølv om biomangfaldet ikkje er like stort i Nord-Europa enn lenger sør, stammar artane der frå artar i Sør-Europa.

– Artane i Sør-Europa har dermed mykje svakare koplingar enn tidlegare antatt til faunaen i Nord-Afrika, som vi no i staden for reknar som ein del av Sahara-Arabia-regionen, seier Dimitrov.

Til nytte i bevaringsarbeid

Forskarane bak studien trekkjer òg fram verdien eit slikt kart har for bevaring av artar.

– Ofte har økologiske og miljømessige faktorar vorte sett på dei som dei viktigaste når ein skulle vurdera utbreiinga av artar og kor truga dei er. Dei seinare åra ser vi ein tendens til å nyansera og supplera med evolusjonshistoriske data.

– Kartet vårt vil vera til stor nytte i bevaringsarbeidet, så vel som i ei rekkje greiner av biologisk forsking, meiner Dimitrov, som likevel ikkje trur at kartet deira er det endelege.

– Kart er ikkje statiske. Dei kan stadig oppdaterast med ny informasjon og bidra til å betra forståinga vår av verda vi lever i.

Intervju med Jean-Philippe Lessard

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 14. jan. 2013 10:19 - Sist endret 14. aug. 2020 20:48