Ryddejobb i livets tre

Små er dei, og korte vengjer har dei. Kortvengje på fyrstikkhovud, foto: Hallvard Elven

Hallvard Elven har nøsta opp litt av slektstilhøva hjå kortvengjene, ein av dei minst oversiktlege billefamiliane. Men mykje står att – ikkje minst i papirkorga.

Kortvengjene er ein av dei mest utbreidde og minst oversiktlege billefamiliene som finst. Meir enn femti tusen artar er kjende. Berre i Norge er det bortimot tusen av dei.

– Dei finst overalt der det er råtnande organisk materiale å krypa rundt i og eta andre insekt. Men dei er små, rundt 3-4 mm i lengde, og dei manglar gode systematiske karakterar, fortel insektforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Overmoden for revisjon

Dei enkelte artane av kortvengjer har det vore ganske greitt å sklilja frå kvarandre, spesielt på forskjellar på kjønnsorgana. Men det innbyrdes slektskapet artane i mellom har vore vanskeleg å fastslå.

Dermed har artane gjerne vorte klassifisert ut frå karakterar som ikkje nødvendigvis avspeglar slektskapet, som til dømes kor mange ledd det er på antennene eller føtene.

– Det har lenge vore antatt at klassifiseringa av kortvengjene har vore overmoden for revisjon. Men mange biologar har vegra seg for å ta fatt på jobben, pga. omfanget og mangelen på oversikt, fortel Elven.

Overflatisk like

Sjølv har han ikkje late seg skremma frå å gyva laus på tre av dei mest utfordrande kortvengjegruppene. Ved å studera forskjellane i DNAet hjå dei ulike artane, har han og kollegane fått eit klarare bilete av slektskapet mellom artane i desse gruppene.

I mange tilfelle fann dei at DNA-analysane stemte overeins med det ein tidlegare har trudd ut frå dei ytre kjenneteikna, men dei fekk òg nokre overraskingar.

– Fleire gonger viste det seg at det vi har trudd var éi artsgruppe, var fleire. Overflatisk er dei like, men dei er ikkje nær i slekt, forklarar han.

Eit mylder av ulike kortvengjearter, henta frå same maurtue. Mange kortvengjer lever i eller rundt maurtuer. Foto: Hallvard Elven, NHM

Røkla

Som eit resultat av undersøkjingane har Elven og kollegane foreslått ein ny klassifikasjon av dei tre kortvengjegruppene Athetini, Geostibini og Lomechusini.

Men ryddejobben er langt frå å vera ferdig. Blant Athetini-slektene finn vi slekta Atheta. Elven ler nesten litt oppgitt når han snakkar om den.

Atheta er det som vert kalla ”Waste basket genus” på engelsk. På norsk kunne vi kanskje kalla det papirkorgslekt – eller rett og slett Røkla, gliser han.

Utsett på ubestemt tid

Atheta består av ei mengd artar som ut frå ytre kjenneteikn definitivt tilhøyrer Athetini-gruppa, men som utover det har få eller ingen ytre kjenneteikn som skiljer dei frå dei andre artane i gruppa.

– Enkelt sagt blir Atheta ein sekkepost der ein klassifiserer artar som ikkje utan vidare let seg klassifisera i andre slekter. Ei slekt skal eigentleg vera monofyletisk, det vil seia at alle artar og individ i slekta har same opphav.

– At Atheta er monofyletisk er det ingen som har realistisk tru på. Men det er heller ingen som ivrar etter å kasta seg over den store oppryddingsjobben som må gjerast. Foreløpig er den utsett på ubestemt tid.

Elven disputerer for doktorgraden 3. mai.

Forskarane brukar mange ulike metodar for å samla inn insekt. Her leitar Elven etter (og finn til slutt) den supersjeldne Hydrosmecta leptotyphloides i Østerrike. Foto: Vladimir Gusarov, NHM

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Publisert 1. apr. 2013 05:00 - Sist endret 13. aug. 2020 11:51