Utdøydd mennesketype kan ha laga klede

Pekingmennesket, her representert ved ein fossil skalle, kan ha vore meir avansert enn forskarane har trudd til no. (Foto: Russell L. Ciochon, University of Iowa)

Pekingmennesket kan ha pynta seg med skinnklede og ha meistra elden, ifølgje nye funn.

– Vi har ikkje rekna med at menneske begynte å bruke klede før dei bevegde seg opp i tempererte klima, fortel zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum.

Beijing ligg derimot i subtropisk klima, der mennesket altså kan ha klart seg utan klede.

– Den einaste andre grunnen til å kle seg opp er for å pynte seg, og Pekingmannen har ein trudd ikkje var sosialt avansert nok til å ha brukt tid og krefter på pynt. Det ser altså ut til at vi har tatt feil, seier Bøckman.

Les heile saka på forskning.no.

Publisert 4. jan. 2013 09:16 - Sist endret 14. aug. 2020 10:23