NHM ga Galapagos-skalle til Darwin Foundation

Fekk kopi av den viktigaste skallen i verda av ei galapagossjøløve.

Typeeksemplaret av galapagossjøløva, frå pattedyrsamlinga til NHM. Foto: Karsten Sund, NHM

Kopien utført av Per K. Thorsland. No i samlingane til Charles Darwin Foundation på Galapagos. Foto: Karsten Sund, NHM

Galapagossjøløve som framleis har skallen sin intakt. Foto: Jørgen Ree Wiig

For biologar har navnet Galapagos ein heilt særleg klang, sidan det var her Charles Darwin gjorde observasjonane som la grunnlaget for evolusjonsteorien hans.

Og i november fekk professor Øystein Wiig frå NHM høve til å overrekkja ei spesiell gåve til The Charles Darwin Foundation på nettopp Galapagos: ein kopi av det han omtalar som «den viktigaste skallen i verda av ei galapagossjøløve».

Typeeksemplar

– Heile gåveideen starta eigentleg med at eg saman med professor Lutz Bachmann publiserte ei oversikt over typesamlinga av pattedyr vi har ved NHM, fortel Wiig.

Når ein ny art skal beskrivast vitskapleg, skjer det som regel med eitt bestemt eksemplar av arten som utgangspunkt. Dette eksemplaret vert omtala som typeeksemplaret, eller berre typen.

Typen skal oppbevarast på eit naturhistorisk museum eller tilsvarande institusjon, slik at den er tilgjengeleg for forskarar frå andre institusjonar.

Norsk koloni

– Dette var ein slags ryddejobb for å få dokumentert pattedyrtypane våre i tråd med internasjonale retningslinjer. Vi har jo visst kva vi har i samlingane, men det har ikkje vore dokumentert på riktig måte.

Etter at arbeidet med typane var avslutta, planla Wiig ein familieferie til Galapagos. Og det var då tanken om ei gåve i form av ein kopi av skallen av galapagossjøløva vart fødd.

Bakgrunnen for at typeeksemplaret av galapagossjøløva er på museum i Oslo, nærmast på andre sida av kloden, var eit prosjekt for å oppretta ein norsk koloni på Galapagos i 1925.

Koloniseringsprosjektet stranda, mellom anna pga. mangel på ferskvatn. Men det gav i alle fall Alf Wollebæk, som den gong var styrar for Zoologisk museum i Oslo, høve til å vera med på turen og gjera innsamlingar. Blant desse var altså skallen av galapagossjøløva.

Offisielt anstrøk

Sjølv hadde Wollebæk lita tid til å undersøkja samlingane. Men beskrivelsar gjort av andre forskarar resulterte i 12 nye artar og 7 underartar som ikkje hadde vore beskrive vitskapleg tidlegare. Blant desse var galapagossjøløva, som vart beskriven vitskapleg av Erling Sivertsen i 1953 og fekk navnet Zalophus wollebaeki etter Wollebæk.

– Så då eg var på veg til Galapagos, støypte taksidermist Per K. Thorsland ved NHM ein nøyaktig kopi av den originale skallen, og eg tok den med meg på ferien, som dermed fekk eit litt offisielt anstrøk òg, smiler Wiig.

Overrekkjinga skjedde 7. november, og skallen er no ein del av samlingane ved Charles Darwin Foundation.

Sjå òg:

Wiig, Bachmann: The mammal type specimens at the Natural History Museum, University of Oslo, Norway. Zootaxa, nov. 2013. doi:http://dx.doi.org/10.11646/zootaxa.3736.5.9. ­

Til evolusjonens vugge – om Wollebæks ekspedisjon og det norske koloniseringsforsøket av Galapagos

Ga Galapagos-skalle til Darwin Foundation (forskning.no, 1.12.2014)

Øystein Wiig (t.h.) overrekkjer skallen til Charles Darwin. Foto: Jørgen Ree Wiig

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 27. nov. 2014 11:43 - Sist endret 21. juni 2022 11:17