Avlivar myter om lakseparasitt

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris blir sett på som så farleg at heile vassdrag vert lagt aude for å få bukt med den. Men kunnskapen vår er tynt fundert.

Gyrodactylus salaris på auget til ein atlanterhavslaks. Foto: Raúl Ramírez, NHM

– I dag drep norske myndigheiter all fisk i heile vassdrag med rotenon for å få bukt med Gyrodactylus salaris. For å setja i gang slike drastiske tiltak, må vi vita kva vi gjer. Men kunnskapene våre er rett og slett ikkje gode nok, er brannfakkelen frå stipendiat Raúl Ramírez frå NHM.

I arbeidet med doktorgraden sin har han avdekka fleire misforståingar eller myter som ligg til grunn for myndigheitene si rotenonbehandling.

Myte nr. 1: Gyrodactylus salaris er det same som lakselus

Det er ikkje uvanleg å omtala Gyrodactylus salaris som lakselus, men det er to heilt forskjellige dyr som begge er parasittar på laksefiskar.

Myte nr. 2: G. salaris er ein parasitt på laks

– Det riktige er at G. salaris er ein parasitt på laksefiskar, som ved sida av laks omfattar artar som regnbogeaure og vanleg aure, røye og harr. I kortare tid kan den overleva på andre artar òg.

Myte nr. 3: Baltisk laks er immun, norsk laks er sårbar

– Det finst tre hovudgrupper av atlanterhavslaks: den vestatlantiske, som ikkje angår oss her, den austatlantiske, som norsk villaks tilhøyrer, og den baltiske, som lever i Østersjøen og Finskebukta.

– Oppfatninga har vore at baltisk laks er immun fordi den har utvikla seg saman med parasitten, medan norsk laks vart tekne med buksa på knea då den kom hit til landet. Derfor har ein meint at den norske laksen ikkje har noko immunforsvar mot G. salaris.

– Men forskinga viser at biletet ikkje er så svart/kvitt. Vi kan gjerne snakka om femti avskugningar av grått mellom dei to ytterpunkta, for norsk laks viser eit spekter av resistens.

Myte nr. 4: G. salaris er livsfarlig for norsk laks

– Forsking har vist at G. salaris ikkje er den same overalt. G. salaris i Lierelva er ein trugsel mot laksen. Men i Pålsbufjorden, ein del av vassfaret Numedalslågen, er det påvist ein variant av parasitten som lever på røye, og som ikkje er dødeleg for laks. Tilsvarande funn er gjort andre stader.

– I Numedalslågen er det innført strenge restriksjonar på fiske og transport av fiskeutstyr fordi det er påvist G. salaris der, trass at varianten ikkje er noen risiko for laksen i vassdraget. Restriksjonane kan derfor heller lempast på eller lyftast heilt.

Myte nr. 5: G. salaris har spreidd seg i Norge via Sunndalsøra

Raúl Ramírez i akvarierommet ved NHM. Foto: Raúl Ramírez, NHM

– Det er riktig at det var her G. salaris fyrst vart påvist, i 1975. Men Håkon Hansen viste i doktorgraden sin på NHM for ti år sidan at parasitten har hatt tre ulike innførselsruter til Norge – minst.

– Ved å undersøkja det som heiter mitokondrielt DNA frå parasittar frå ulike stader, har vi fastslått at den genetisk grupperer seg i minst seks ulike stammer (haplotypar).

– Det oppsiktsvekkjande er at nesten alle eksperimentelle studier som er gjort, er gjort på stammen som heiter haplotype F, som har kome frå Danmark.

– Det inneber at når ein har studert baltisk laks sin påståtte immunitet, er den undersøkt med ei anna gyro-stamme enn den i det baltiske området. Tilsvarende er ikkje norsk laks undersøkt eksperimentelt mot baltiske stammer av parasitten.

Myte nr. 6: Rotenon er drastisk, men nødvendig

– I dag vert rotenon brukt til å fjerna G. salaris frå fleire elvar og vassdrag enn det som var føresetnaden då bruken tok til. Men effekten er langt frå alltid positiv. Fem år etter rotenonbehandlinga i Ranelva i Rana, t.d., har ein ikkje klart å fjerna parasitten. Så vi risikerer faktisk å bruka hundretals millionar på tiltak som ikkje fungerer.

Fakta nr. 1: Vi har for lite kunnskap

– Som ein del av doktorgradsarbeidet mitt har eg samla saman og systematisera det som har vore gjort tidlegare av forsking på Gyrodactylus og laksefisk. Dei som har drive med dette heile livet, har mykje av kunnskapen mellom øyrene, men det hadde ikkje eg som fersk doktorgradsstudent.

– Då eg sette saman kjeldene, oppdaga eg at ein del av kunnskapen som var allment akseptert, kom frå studier som hadde svakheiter. Myten om at baltisk laks er immun mot G. salaris var t.d. alment akseptert, men eg oppdaga at den faktisk aldri var testa ordentlig.

Fakta nr. 2: Vi har altså for lite kunnskap

– Eg vil gjerne få understreka at trass at mange av dei eldre studiane er solide, hadde dei jo ikkje dei statistiske og laboratoriemetodane vi har i dag, spesielt på DNA-feltet.

– Men det hjelper oss ikkje alltid heller. Varianten i Lierelva kan vera farleg for laks, men varianten i Pålsbufjorden er det altså ikkje, sjølv om dei er av same stamme og uråd å skilja ved hjelp av det mitokondrielle DNAet. Vi har i dag heller ikkje nokon andre genetisk hjelpemiddel til å slå fast om ein gitt variant er dødeleg eller ikkje.

Fakta nr. 3: Vi treng meir kunnskap

– Eg er jo ikkje den fyrste forskaren som seier dette, men det vert ikkje feil for det: vi treng meir forsking på G. salaris. Vi må få kartlagt dei forskjellige stammene sitt eige genom, som altså er noko anna enn det mitokondrielle genomet.

– Då kan vi kanskje finna ut kva som skiljer dei dødelege variantane og stammene frå dei mindre farlege, og setja inn skreddarsydde tiltak. Ein mulighet er å avla fram motstandsdyktig laks.

– Meir kunnskap er viktig for å gje meir målretta tiltak kan spara det norske samfunnet for unødvendige økonomiske og økologiske kostnadar.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Raúl Ramírez under feltarbeid på Tyrifjorden. Foto: Raúl Ramírez, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 5. mars 2015 08:50 - Sist endret 4. sep. 2015 08:26