Samanliknar teljingar av grønlandskval

Positive tal for bestanden mellom Grønland og Canada.

Blåst av grønlandskval. Silje Rekdal, NHM

Diskobukta på Vest-Grønland var tom for grønlandskval i mange år. Men rundt 2000 begynte dei store kvalane å dukka opp att. Etter fleire år med auke, har teljingane dei siste åra halde om lag same nivå.

– Kvalane i Diskobukta tilhøyrer ein bestand som lever i området Vest-Grønland og Aust-Canada. Vi anslår at denne bestanden består av rundt 7000 dyr, seier Silje Rekdal, som tok masteroppgåva si på denne undersøkjinga ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM). Rekdal er no doktorgradsstipendiat på fugl same stad.

Prøvar over 14 år

Forskarane brukar to ulike metodar for å telja kvalar i Diskobukta. Den eine er teljing av dyr frå observasjonsfly, den andre er å ta prøver frå huda for å gjera genetiske analysar. Dei to metodane utfyller kvarandre, forklarar Rekdal:

– Teljingane frå lufta gjev eit bilete av kor mange grønlandskvalar som er i Diskobukta på eit gitt tidspunkt. Dei genetiske prøvane strekkjer seg over ein periode på 14 år, frå 2000 til 2013. Dei gjev oss eit betre grunnlag for å anslå størrelsen på den totale bestanden, ikkje berre på den delen som oppheld seg i Diskobukta.

For det er langt frå alle kvalane i Vest-Grønland/Aust-Canada-bestanden som er innom Diskobukta. Forskarane reknar med at grønlandskvalen er rundt 14 meter lang når den er kjønnsmoden, men det er så godt som ingen observasjonar av så små dyr i Diskobukta.

Kalvar kvart tredje eller fjerde år

– Saman med registreringar av kvalsong tyder dette på at grønlandskvalane kjem hit for å para seg. Diskobukta er òg eit av dei rikaste beiteområda på Grønlandskysten, fortel Rekdal.

Men det er ikkje berre alderssamansetjinga som er skeiv. Kjønnsfordelinga er om lag fire hoer for kvar hann.

– Sidan grønlandskvalen kalvar kvart tredje eller fjerde år, og vi nesten ikkje observerer ungdyr i Diskobukta, må både dei og hannane vera andre stader i mellomtida.

– Diskobukta er eit av dei rikaste beiteområda på Grønlandskysten, fortel Silje Rekdal. Foto: Karsten Sund, NHM

Flust av damer og flust av mat

– Sjølv så svære dyr som grønlandskvalen kan vera utsette for rovdyr når dei er små. Dermed kan det henda at hoene som har kalvar held seg i område der faren for spekkhoggarar er mindre.

– Men det forklarar ikkje kvifor det er så få hannar som dukkar opp i Diskobukta, der det er flust av damer og flust av mat. Slik er det i alle fall ikkje hjå vår eigen art, blunkar Rekdal.

Frå 1600-talet vart det drive utstrekt kommersiell fangst av grønlandskval.

Arten vart freda alt i 1935, og ein reknar no med fire bestandar: Vest-Grønland/Aust-Canada, Okhotskhavet, Beringstredet og ved Svalbard.

Så gode målingar som råd

– Sistnemnde vert anslått å ha 10–100 dyr, så det spørst kor levekraftig bestanden er. Dei siste tiåra har det vore ein auke i talet på observasjoner av grønlandshval ved Aust-Grønland og ved Svalbard.

– Nyleg vart det òg observert ein kalv ved Aust-Grønland, så det er nokon positive teikn i det området òg, seier Rekdal.

– Det er slike observasjonar og målingar som dannar grunnlaget for forvaltinga av bestandane. Oppgåva til forskarane er å skaffa til veges så gode målingar som råd.

Skyta pil

Rekdal tok mastergrad på grønlandskval i Diskobukta utan å ha sett så mykje som blåsten av ein grønlandskval, men dei to siste åra har ho vore med på prøvetaking.

– Vi køyrer rundt i ein bitteliten båt med påhengsmotor, saman med ein lokal jeger. Så brukar vi armbrøst for å skyta ei pil inn i huda til kvalen. Pila er festa til ein isoporbit, slik at den vert trekt ut når kvalen dukkar, fortel Rekdal.

Prosjektet i Diskobukta er et samarbeid mellom Grønlands Naturinstitutt, Nuuk, og NHM, under leiing av Mads Peter Heide-Jørgensen frå fyrstnemnde, og Lutz Bachmann og Øystein Wiig frå NHM.

Referanse

S. Rekdal m.fl.: Trends in bowhead whales in West Greenland: Aerial surveys vs. genetic capture-recapture analyses, 2015, Marine Mammal Science

Denne saka er òg publisert på forskning.no


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 4. mai 2015 13:48 - Sist endret 18. mai 2015 10:35