Samarbeid om augnestikkarar på nett

Ny presentasjon av norske augnestikkarar er eit nytt steg på vegen til å samla alle norske artar på nett.

Blåvengjevassnymfe (Calopteryx virgo) i kurtise. Hannen spelar med dei blå vengjeteikningene når han gjer kur til hoa. Foto: Ove Bergersen, NIBIO

9. oktober lanserte Artsdatabanken ein ny presentasjon av norske augnestikkarar. Insektforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM) har vore sentral i arbeidet.

– Mykje av materialet baserer seg på ein tidlegare presentasjon som låg på nettsidene til NHM. Desse sidene var i si tid eit pionerarbeid, men kravde mykje oppfylgjing som nettredaktøren som vanleg ikkje fekk tid til, forklarar Elven.

No er det Artsdatabanken som har teke på seg oppgåva. Ikkje berre for augnestikkarane, men for alle artar som er registrerte i Norge. Ein tek ei artsgruppe om gongen, og denne gongen var det augnestikkarane sin tur.

Kartleggja artsmangfaldet

– Augnestikkarane er spennande å jobba med. Dei er blant dei største og vakraste insekta vi har, og dei har veldig spennande levevis. Samtidig er dette ei sårbar gruppe med mange truga artar.

– Med litt trening er det lett å artsbestemma alle augnestikkarartane. Dermed kan dei vera ein fin stad å starta for dei som vil læra seg å kjenna att insekt i naturen. Vi vil òg lansera ein bestemmelsesnøkkel for augnestikkarar, som skal gjera det endå lettare å bestemma artane, seier Elven.

At folk lærer naturen rundt seg betre å kjenna er eit mål i seg sjølv, men vil òg bistå forskarane som arbeider med å kartleggja det norske artsmangfaldet.

Undring og fascinasjon

– Augnestikkarane er spennande å jobba med, seier Hallvard Elven. Foto: Hanne Breivik

– Vi vil gje folk eit skikkeleg verktøy for å artsbestemme augnestikkarane. Gjennom artsobservasjoner.no kan vi slik få samla inn meir og betre kunnskap om kva arter vi har og kvar dei finst.

Det er lett å skjøna at augnestikkarane har vakt undring og fascinasjon, slik dei ser ut og oppfører seg.

– Dette er skapningar ein legg merke til. Det ser ein i dei mange lokale og ofte bisarre namna frå både Norge og Skandinavia elles, seier forskar Anders Endrestøl frå Norsk institutt for naturforskning (NINA), som òg har vore med i arbeidet med augnestikkarar.

Verken farlege eller plagsame

– Slike namn kan til dømes vera helvetesnavar, ormsneldre, trollkjærring-rokk og, sjølvsagt, augnestikkar. Namna fortel oss at folk i tidlegare tider trudde at desse insekta kunne stikka eller bita folk i auge og øyre, eller leggja egg i øyra.

– Det kan verka som folk hadde eit litt dårleg tilhøve til augnestikkarane før. Dette er heilt ufortent, sidan augnestikkarane verken er farlege eller plagsame for menneske, seier Endrestøl.

Fantastisk godt syn

Forskar og naturfotograf Ove Bergersen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennom mange år reist land og strand rundt for å fotografera augnestikkarar ute i naturen. Til «Arter på nett» har han bidratt med bilete av så godt som alle artane i Norge.

– Alle som har prøvd å snika seg inn på ein augnestikkar veit at det er utruleg vanskeleg, seier Ove Bergersen, og held fram:

– Augnestikkarane har nemlig fantastisk godt syn, og er veldig sky. For å koma på fotohald må ein bevege seg veldig sakte, og gjerne òg samankrope, slik at ein ikkje vert ein for stor silhuett mot bakgrunnen. Tolmod er ein dyd i dette gamet, og det gjeld å ikkje gje opp. Sjølv har eg ofte brukt både to og tre feltsesongar før det perfekte biletet av ein art var i boks, seier Bergersen.

Denne saka er òg publisert på forskning.no


Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 20. okt. 2015 15:20 - Sist endret 26. okt. 2015 07:54