Nytt verktøy for å bestemme artar

Er det ein måneblåvassnymfe eller ein takrøyraugestikkar du har funne? Tiriltungeblåvinge eller lakrismjeltblåvinge? Med dei nye bestemmingsnøklane på nett er det enkelt å finne svaret.

Du har sikkert sett ein vakker sommarfugl med blå venger, og lurt på kva den heiter. Du tek bilete av den, og vel heime finn du fram ei bok om insekt, eller du søkjer på nettet. Men, oppdager du, det finst mange sommarfuglar med blå venger! Og det kan vere vanskeleg å sjå skilnad på dei, både for amatørar og profesjonelle.

No er løysinga her: Artsdatabanken og NHM har samarbeidd om å utvikle eit verktøy der du enkelt kan finne ut kva art "din" sommarfugl er.  

- Bestemmingsnøklar er eit verktøy for å kome fram til riktig art av ein organisme, fortel Hallvard Elven, som har teke doktorgrad på insekt ved NHM. Han står bak dei to første bestemmingsnøklane som no vert lanserte: ein for augestikkarar og ein for sommarfuglfamilien glansvenger.

- Ein kan kanskje kalle bestemmingsnøklar for avanserte flytskjema: Ein får spørsmål om eigenskapar ved arten ein har funne, og ut frå alternativa ein vel, vert ulike artar eliminerte. Til slutt står ein att med éin art.

Portrett av Hallvard Elven
Hallvard Elven har laga dei nye bestemmingsnøklane. Foto: NHM

Viss du til dømes har funne ein sommarfugl, kan du starte med eit spørsmål om kva farge vengene har på oversida: er dei blå eller oransje? Du kan òg starte med eit spørsmål om korleis vengene ser ut på undersida - har dei oransje teikningar, eller ikkje? Basert på svara du gjev, får du nye spørsmål som leiar vidare. Nøkkelen har fleire vegar til målet, og du kan hoppe over spørsmål du ikkje veit svaret på. På den måten skal du kunne artsbestemme ut frå eit fotografi, der ikkje alle eigenskapar er synlege.

Kan brukast av alle

Bestemmingsnøklar er veldig viktige for biologien, men fram til no har dei stort sett berre eksistert i bokform. Datamaskinar gjev oss nye moglegheiter, og det er mange prosjekt rundt om i verda for å utvikle brukarvennlege bestemmingsnøklar på nett.

- Denne løysinga er laga for at alle skal kunne bruke dei, fortel Hallvard Elven. Me har lagt vekt på gode skildringar og bilete, sånn at nøklane skal vere enkle å bruke uansett kva forkunnskapar du har.

- Bestemmingsnøklane fungerer òg på mobil, så du kan «nøkle» ute i skogen medan du har dyret framfor deg. Men det er alltid lurt å ta med seg nokre små glas når du går i skogen! Då slepp du at dyret flyg vekk før du har kome fram til riktig art.

Samarbeid med Artsdatabanken

NHM tok kontakt med Artsdatabanken i 2010, med to forslag til prosjekt: Ein nettpresentasjon av sommarfuglar, som vart starten på Arter på nett, og ein konsept for bestemmingsnøklar på nett. Artsdatabanken tende på ideen, og dei har utvikla løysinga som vart lansert denne veka.

Kan bidra til betre kvalitet på artsobservasjonar

Alle som vil, kan leggje inn sine observasjonar av ulike artar på artsobservasjoner.no.

- Dette er ein super database, men det er ikkje alltid ein kan ta funna for god fisk, rett og slett fordi det kan vere vanskeleg å vere sikker på kva art ein har funne. Dei nye bestemmingsnøklane kan forhåpentlegvis gjere at kvaliteten på observasjonane vert betre, håper Hallvard Elven.

Publisert 14. apr. 2016 09:37 - Sist endret 14. apr. 2016 13:00