Vellukka bryozokonferanse

Frå Mike Winson sitt foredrag om bryostatin. Foto: Hans Arne Nakrem

Tretti forskarar frå ti land var samla til internasjonal bryozokonferanse på Tøyen rundt Kristi himmelfartsdag.

- Vi har fått mange positive tilbakemeldingar, og er godt fornøgd med det, seier fyrsteamanuensis Hans Arne Nakrem, som leia konferansen.

Konferansen vert halden kvart år, med litt ulik spreiing på kven som er invitert. 21.-23. mai var det bryozoforskarar frå Europa som møttest i Oslo.

Charles Darwin

Bryozoar – eller mosdyr – er ei gruppe kolonidannande organismar, stort sett marine. Som fossil er dei kjend tilbake til ordovicium, ca 485 millioner år sidan. Dei fyrste organismane Charles Darwin laga bilete av og skreiv om, var faktisk bryozoar i ein fjord nær Edinburgh.

Bryozoologar studerer akvarietanken i DrøbakBryozoologar studerer akvarietanken i Drøbak. Foto: Hans Arne Nakrem

I dag lever dei i dei fleste marine habitat. Konferansen tok for seg dyregruppa sin evolusjon, økologi, systematikk, og korleis dei kan kom til nytte innen klimaforsking, forsuring av havet, medisin m.m.

- Tradisjonelt har ein nytta muslingar til å studera forsuring av havet, fortel Nakrem.

- Men ein av foredragshaldarene, dr. Chiara Lombardi, tok opp at mikrostrukturen i enkelte bryozoar sitt skjelett gjer at desse kanskje er betre eigna for denne typen studiar.

Bryozoar frå silur

Ein annan foredragshaldar, dr. Mike Winson, viste korleis bryozokoloniar skiljer ut stoffet bryostatin for å beskytta larvane mot å verta fiskefor. Medisinsk forsking har vist at dette stoffet kan ha effekt mot leukemi og Alzheimer, slik at bryozoane kan vera utgangspunkt for viktige medisinar mot desse sjukdomane.

Forskarar ved klippeveggPå Ringerike var det bryozofossil frå silur som vart studerte. Foto: Hans Arne Nakrem

Men sjølv med 24 foredrag og 6 posterar var det tid til ein ekskursjon til UiOs marinbiologiske stasjon i Drøbak på torsdagen, og laurdagen vart konferansen avslutta med ein geologisk/paleontologisk ekskursjon til Ringerike.

Oslofeltet er vide kjent for sine rike fossilforekomstar, og ein samla inn bryozoar frå perioden silur. Nakrem har eit samarbeid med dr. Andrej Ernst i Kiel om desse fossila, og ein vitskapleg beskrivelse er under utarbeiding.

Av Torstein Helleve
Publisert 2. juni 2009 13:36 - Sist endret 8. des. 2019 10:37