Framleis stor interesse for Ida

Ida er fortsatt populær.

Men sommarveret i ferd med å verta sterk konkurrent.

Darwin-utstillinga, med primatfossilet Ida som det naturlege høgdepunktet, er på stø kurs mot å verta ein stor suksess, fortel driftsleiar Gunnar Johansen.

- Vi hadde 3000 besøkjande den fyrste helga, fordelt på tusen på laurdagen og det dobbelte sundagen. Den dagen var det òg vårtreff i hagen, så vi tenkte kanskje det kunne vera noko av grunnen. Men så skjedde det same helga etter, tusen på laurdag og to tusen sundagen.

Helga som var, kom det etterlengta sommarveret til hovudstaden, og besøkstala roa seg noko.

Rosar vaktane

- Men sjølv om vi berre er komne to tredjedeler ut i månaden, har vi alt hatt 8000 fleire besøkjande enn heile juni i fjor. Medrekna denne helga er vi oppe i 19000 så langt i juni, seier Johansen.

Han rosar innsatsen til vaktane, som har hatt travle helger. På grunn av brannføreskriftene har dei måtte stå med manuelle teljeapparat for å telja kor mange som går inn og ut, slik at ikkje tryggleiken vert truga av at det er for mange personar innom dørene.

- Desse besøkstala er vi sjølvsagt veldig glade for, seier Cecilie Webb, som har hatt ansvaret for utstillinga.

Inngangspartiet til Zoologisk museum

Frå opningshelga, då folk stod i kø for å sjå utstililnga.

Omsetningsauke

Det gode besøket har òg gjort at NHM har hatt ein monaleg omsetningsauke i juni samanlikna med fjoråret.

- Vanlegvis aukar suvenirsalet på sommaren. Denne utstillinga skal stå til over neste sommar, så sjølv om besøkstala naturleg vil gå nedover etter kvart, tyder alt på at den vil gje kjærkomne inntekter til NHM, seier Johansen og Webb.
 

Av Torstein Helleve
Publisert 25. juni 2009 08:00 - Sist endret 10. des. 2019 05:12