Ny film om Hovedøya

Filmen kostar 169,- og er til sals i museumsbutikkane på Geologisk og Zoologisk museum.

I dag slepper NHM ein ny DVD som viser korleis samspelet mellom kultur og natur har forma den mest kjente øya i Oslofjorden.

Det har vore tre år med hard jobbing, men endeleg er den ferdig. Prosjektleiar Cecilie Webb og programleiar Petter Bøckman pustar ut.

- Vi vil visa korleis naturen og kulturen har påverka kvarandre gjensidig, fortel dei.

- Mange har laga filmar med like naturskjøne bilete som oss, eller med dramatisering av historiske hendingar. Vi har gjort begge deler.

Nye sider ved landskapet

Ferda startar sør for ekvator for rundt 250 millionar år sidan. Då starta Hovedøya, eller det området som skulle bli Hovedøya, å driva nordover. Vi fylgjer øya på denne ferda, og via istid, klosterliv og napoleonskrigar fram til dagens badeliv.

- Det som gjer Hovedøya så spennande, er både den spesielle geologien og ikkje minst det unike biologiske mangfaldet. Vi håpar filmen gjer at dei som besøkjer øya, kan få sjå nye sider ved naturen og landskapet som dei ikkje visste om frå før.

Filmen er laga i tett samarbeid med InterMedia, og med støtte frå Forskingsrådet og formidlingsutvalet ved UiO.

Appellerer til alle aldersgrupper

- Utgangspunktet var å laga ein fjernsynsfilm om Hovedøya, til glede for interesserte i alle aldersgrupper. Men vi håpar jo òg at den kan verta brukt i undervisninga i skulen. Av geografiske årsaker er den sjølvsagt aller mest interessant for skular i Oslo-området. Det vert òg arbeidd med nettsider i tilknytning til innhaldet i filmen.

Responsen har ikkje latt venta på seg. Alt før lansering har filmen vorte omtalt fleire gonger i media, og kortversjonen har premiere på TV2 på sjølvaste 17. mai.

Filmen er til sals i museumsbutikkane på Zoologisk og Geologisk museum, og kostar kr. 169,-. Nok ein grunn til å besøkja Botanisk hage i det nydelege vårveret.

Sjå òg:
Smarte filmtriks i UiO-film (Uniforum, 23. februar 2009)
Frå forsking til TV (Uniforum, 8. mai 2009)

Av Torstein Helleve
Publisert 30. apr. 2009 15:36 - Sist endret 8. des. 2019 10:36