Media ynskte Ida velkomen heim

Bildet kan inneholde: deling, har, begivenhet, bildel, eksteriør på biler.

Endeleg heime.

Det var stort oppbod av TV-kamera, fotolinser og journalistblokker då Jørn Hurum saman med forskingsministeren og universitetsdirektøren for fyrste gong kunne visa fram Ida på norsk jord.

Frå tid til annan kan ein høyra forskarar som synest det er vanskeleg å koma ut i media med forskinga si. Jørn Hurum er ikkje blant desse.

For eit større pressekorps enn det som møtte fram til presentasjonen av Ida-fossilet, har ein knappast sett før på Tøyen hovedgård. Alt ein halvtime før konferansen yra det av journalistar i solskinet utanfor Hovedgården. Det er langt frå vanleg med ein slik iver.

- Bra at folk er usamde

Etter at universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe hadde rost Jørn Hurum for arbeidet, og forskingsminister Tora Aasland hadde rost UiO for å våga å satsa på fossilet, var endeleg tida komen for å visa fram skatten. Med øvd hånd fjerna Hurum skruene frå transportkassa og lyfte fram den gylne plata som inneheld Ida.

Jørn Hurum, Ida og Tora AaslandJørn Hurum viser fram fossilet til ivrige fotografar.

Det ville nok vera ei overdriving å seia at det gjekk eit gisp gjennom forsamlinga, men det vart i alle fall trongare om plassen fremst i det fotografar og kamerafolk tok eit par steg framover for å få den beste vinkelen.

- Det er bra at det finst andre forskarar som er usamde med oss, svara Hurum på spørsmål frå salen.

David Beckham

- Det kjem sikkert til å gå ti år før vi er samde om kva Ida er. Forsking handlar ikkje om at vi alltid veit kva som er rett, forsking er ein evig pågåande diskusjon. Det er det som skiljer den frå religionen.

Han heldt òg fram det viktige ved at forskinga får sin plass i media.

- I ei medieverd med realty-TV, popstjerner og fotballkampar er det viktig at forskinga òg er synleg, ikkje minst for å fanga dei unge. Tenk om alle som går rundt og drøymer om å bli David Beckham heller hadde drøymt om å bli forskarar!

Etter pressekonferansen møtte Jørn Hurum vg.nos lesarar saman med Petter Bøckman.

Les meir om Ida

Pressemøte på Tøyen hvoedgård

Av Torstein Helleve
Publisert 29. mai 2009 13:18 - Sist endret 26. juni 2022 06:57