Ny NHM-direktør ventar interessante tider

- Det passar bra å koma inn akkurat når arbeidet med ny strategisk plan startar, seier Arne Bjørlykke. Foto: NGU

Vil at NHM skal vera utstillingsvindu for naturvitskapleg forsking ved UiO.

- Eg trur museet har ei interessant tid framfor seg. Når Regjeringa har bevilga åtte millionar til forprosjektering av Veksthuset, synest eg det ser veldig bra ut for at prosjektet skal verta fullført, seier Arne Bjørlykke, som 1.mai overtok som direktør ved NHM.

- Og Riksrevisjonen sine rapportar om samlingane er såpass sterke at Regjeringa og UiO sentralt er nøydde til å løysa problema i ei ikkje altfor fjern framtid.

Ei av oppgåvene som Bjørlykke har teke fatt på i løpet av sine fyrste to veker i direktørstolen, er arbeidet med ny strategisk plan.

- Den noverande planen gjeld ut dette året. Tida å byrja som leiar passar dermed veldig godt, smiler han.

Fagleg innhald

- I arbeidet med den nye planen skal vi snu på alle steinane her for å sjå korleis vi skal bruka ressursane våre. Eg håpar at vi kan skapa eit felles fagleg perspektiv, at vi ved å sjå landskap og geologi i samanheng med biodiversiteten kan få eit heilheitleg syn på NHM som eit senter for naturdiversitet.

I førre veka var direktøren i London saman med styringsgruppa for veksthusprosjektet, der dei mellom anna besøkte Kew Gardens.

- Det er tydeleg at vi må forsera arbeidet med planleggjinga av det faglege innhaldet i det nye veksthuset. Vi har berre tida og vegen, så dette arbeidet må prioriterast.

I London vart det òg naturleg nok besøk på Science Museum og Natural History Museum.

Utstilingsvindu for UiO

- Desse to musea ligg vegg i vegg. Vi kunne fått til noko liknande her om ein t.d. hadde lagt Finnmarksgata under bakken og bygd Teknisk museum over. Kombinasjonen av naturvitskap og teknologi ville gjort Tøyen til eit verkeleg tyngdepunkt for museums-Norge.

- Munch-museet kan gjerast om til eit kunnskapssenter for naturvitskap. Eg ynskjer at NHM skal vera eit utstillingsvindu ikkje berre for vår eiga forsking, men òg for det som vert gjort andre stader ved UiO, fyrst og fremst ved Mat.nat. NHM har jo vist at det går an å vera heilt i front innan forsking og formidling samstundes, seier han, og nevner som døme miljøet rundt biodiversitet og paleontologane.

- Få andre institusjonar i Norge har dei føresetnadane NHM har for å driva god forsking og formidling.

- Eg er glad for sjansen til å vera med på det spennande som skjer med museet framover. Berre det å ha kontor i ein bygning frå 1670 er fantastisk nok, og i tillegg har ein desse praktfulle omgjevnadane

Sjå òg:
Arne Bjørlykke blir ny direktør ved NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 19. mai 2009 08:35 - Sist endret 10. des. 2019 06:47