Japansk gull til forskar ved NHM

Yoshihide Ohta ved NHM har blitt heidra med gullmedalje av The Geological Society of Japan.

- Eg er svært glad for denne æra, seier Yoshihide Ohta.

- Eg har levd halve livet mitt i Noreg, og flytta hit fast i 1972. Sjølv om eg vitjar Japan ein gong i året, er avstanden etter kvart vorten merkbart stor, både i tid og i kilometer. Så eg hadde ikkje venta å få nokon pris, eller at nokon skulle hugsa meg. Derfor er eg svært glad for denne heideren frå heimlandet mitt, seier Ohta.

The Geological Society of Japan (JGS) tildeler Ohta medalja for mange års innsats innan geologien. Det mest kjende arbeidet hans er "Geology of Nepal Himalayas" frå 1973, av mange rekna som eit klassisk verk om geologien i Himalaya. Det vart løna med Prins Chichibu-prisen.

Eskimo på Polhøgda

Fyrste gongen Ohta kom til Noreg og Mineralogisk-geologisk museum, som det var den gongen, var i 1964. Han minnest med eit smil at dei som den gongen var hovudfagsstudentar, i dag er pensjonerte professorar. Det opphaldet varte to år, men alt i juni 1968 var han attende.

Ohta viser fram medaljen og diplomet- Presidenten i JGS, som har underskrive diplomet, er faktisk ein tidlegare hovudfagsstudent av meg, fortel Yoshihide Ohta, og viser fram medaljen og diplomet som fulgte med.

- Eg hadde då æra av å bu i Nansen sin tidlegare bustad, Polhøgda. Akkurat på den tida gjekk det ein film om ekspedisjonane til Nansen på kinoane i Oslo.

- Derfor var det mange som tok turen ut for å sjå bustaden hans, og eg måtte jo lata opp for å sleppa dei inn. Eg er sikker på at det var mange som tok meg for å vera ein eskimo som Nansen hadde teke med seg attende, ler han.

Kontorplass ved NHM

I 1972 fekk han fast jobb ved Norsk Polarinstitutt (NP), og flytta hit til landet med heile familien. Sidan har han budd hatt adresse her, men han har brukt mykje tid i felten.

- Eg har vore 35 somrar i Arktis, og seks gonger i Antarktis. Eg har nesten same migrasjonsmønsteret som terna, som hekkar på Svalbard og trekkjer til Sørpolen når det er vinter her, smiler han, og legg til at det klarar seg no.

Ivrig biletkunstnar

Han arbeider framleis for Norsk Polarinstitutt, men fekk kontorplass ved NHM då resten av instituttet flytta til Tromsø. Akkurat no arbeider han med geologiske kart over eit område nordaust på Svalbard som er lite kjent.

- På 150 år har det berre vore fire-fem geologiske ekspedisjonar dit. Eg er faktisk ein av dei få gjenlevande som har vore med på ein slik ekspedisjon, seier han med eit lite strok av vemod.

Utanom geologien er Ohta ein ivrig biletkunstnar, som har hatt tre separatutstillingar og selt meir enn hundre bilete. Han har òg omsett Fridtjof Nansens "Fram over Polhavet. Den norske polarfærd 1893-1896" til japansk.

Av Torstein Helleve
Publisert 22. sep. 2009 00:00 - Sist endret 10. des. 2019 05:44