Miljøpris til Kristina Bjureke

Botanikar ved NHM Kristina Bjureke fekk heiderleg omtale og 10 000 kr. då Oslo kommune delte ut sin miljøpris i dag.

- Det er veldig morosamt å få denne prisen, seier Kristina Bjureke over mobilen på veg til Rådhuset for å motta prisen. Ho får heiderleg omtale saman med Ivar Holtan, medan Bilkollektivet får hovudprisen.

Juryen seier: "Kristina Bjureke er en spesielt dyktig formidler, noe som har bidratt til å øke oppmerksomheten i befolkningen og forvaltningen. Hun har rettet sin hovedinnsats mot å redde det biologiske mangfoldet på øyene i Oslo med bekjempelse av bl.a. russesvalerot og gravbergknapp."

Kristina Bjureke underviserKristina Bjureke underviser eit firma om korleis dei skal bekjempa russesvalerot på Gressholmen. Foto: Bård Bredesen.

- Eg veit ikkje om dei har liknande prisar andre stader, men det er veldig fint å få sett søkjelyset på problemet med framande artar her i Oslo. Det er her problemet er størst, seier ho.

Stort biologisk mangfald

I byrjinga av dette tiåret vart Bjureke engasjert av Fylkesmannen i Oslo og Akershus for å registrera plantearter på øyane i Indre oslofjord. Etter kvart som åra gjekk, merka ho at talet på framande artar vaks urovekkjande fort.

- Det er to tilhøve som gjer at problemet med framande artar er spesielt stort i Oslo-området, seier Bjureke.

- På den eine sida fører det gunstige klimaet i Indre oslofjord og den kalkhaldige berggrunnen her til at det biologiske mangfaldet her er uvanleg stort.

- Det er så stort at Oslofjorden er i ferd med å verta blinka ut som ein "hotspot" for biomangfald her til lands. Mange artar finst berre eller nesten berre her, og er dermed svært sårbare for nye konkurrentar.

RussesvalerotRussesvalerot i to utgåver: blomen, og klar for søppelsekken.

Frø på buksebein

- Det andre som gjer Oslo spesielt er rett og slett at det er her det er mest folk. I nokon tilfelle importerer folk nye artar til hagane sine, utan å tenka over kva konsekvensar det kan ha.

- I andre tilfelle skjer importen ved at vi, utan å vita om det, dreg med oss frø på buksebein og sko og liknande når vi har vore ute og reist, fortel ho.

No representerer Bjureke NHM i eit samarbeid som skal utarbeida ein handlingsplan for bekjemping av framande artar i Oslo og Akershus, i regi av Fylkesmannen. Ho er oppteken av at kampen berre såvidt har begynt, og om ikkje vi får gjort nok no, kan det vera for seint.

- Så du må gjerne bli med ut i helga for å luka, smiler ho.

Av Torstein Helleve
Publisert 5. juni 2009 10:28 - Sist endret 8. des. 2019 10:38