Hurtigare nedbryting av trekol enn venta

Rune Halvorsen, NHM, presenterer nye funn om karbonlagring i jordbotnen i prestisjetunge Nature saman med fire andre forskarar.

- Det er sjølvsagt gøy når ti års arbeid resulterer i ein publikasjon som kjem til å verta lest av mange, smiler professor Rune Halvorsen ved NHM.

Saman med fire andre forskarar i ei gruppe leia av professor Mikael Ohlson frå Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås står han bak ”The charcoal carbon pool in boreal forest soils”, som vart publisert i Nature Geoscience Online i kveld.

Nature-tidsskrifta er blant dei mest prestisjetunge naturvitskaplege tidsskrifta i verda, og det er ikkje kvardagskost at norske forskarar får arbeida sine på trykk der.

- Vi ville undersøkja om det er like sterke spor etter skogbrannar i heile Skandinavia, eller om det er regionale forskjellar. Når skogen brenn, er det ein del av veden som ikkje vert fullstendig forbrent, men som i staden havnar i jorda som trekol. Vi har samla 850 jordprøvar frå 15 barskogsområde for å sjå kor mykje dette dreiar seg om, fortel Halvorsen.

Rune Halvorsen- Gøy at ti års arbeid kjem til å verta lest av så mange, seier Rune Halvorsen. Foto: Anette Edvardsen

Overraskande funn

Barbro Dahlberg frå UMB var den som fekk jobben med å plukka ut trekolbitar frå jordprøvane, ein møysommeleg jobb som tok fleire månadar. Då desse vart analyserte, fann forskarane noko som overraska dei.

- At det er stor variasjon i forekomsten av skogbrannar mellom dei ulike områda, var ikkje uventa. Det var heller ikkje uventa at ein større del av skogsmarka synte spor etter brann i dei tørre innlandsstroka i Nord-Sverige enn langs den fuktige og kjølege vestkysten av Noreg.

Nye skogbrannar

- Nokre avvik frå det vi venta var det rett nok, som viser at det er mange faktorar som saman avgjer kor utsett eit område er for skogbrann.

- Men det som overraska oss, var at medianalderen på ei rekkje tilfeldig utvalde kolbitar var så låg som 652 år. Tidlegare har ein trudd at trekolet vert liggjande i tusenvis av år før det var heilt brote ned, og at karbonet i kolet dermed er teke ut av karbonsyklusen tilsvarande lenge, seier Halvorsen.

- No ser vi altså at trekolet vert brote ned raskare enn vi har trudd. Det kan vera på grunn av biologisk nedbryting, det kan skuldast at nye skogbrannar fører til ei meir fullstendig forbrenning av trekol frå tidlegare brannar, eller det kan skuldast årsaker vi ikkje kjenner.

Forstå drivhuseffekten

Ut frå desse funna anslår forskarane at mengda av karbon som er bunde opp i trekol i barskog på den nordlege halvkulen er 1 petagram (= 1 000 000 000 tonn). Det tilsvarar 1% av karbonet som er bunde opp i levande plantar i desse skogane, og ca. 15% av det karbonet som vert sleppt ut i atmosfæren ved forbrenning av fossilt brennstoff.

- Å forstå meir av karbonet sin syklus i naturen er ein føresetnad for å forstå drivhuseffekten og klimaendringane, seier Halvorsen.

Tonje Økland frå Norsk institutt for skog og landskap og Kendrick J. Brown frå De Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland (GEUS) er dei andre forfattarane saman med Halvorsen og tidlegare nemnde Ohlson og Dahlberg.

Abstract: The charcoal carbon pool in boreal forest soils

Denne saka er òg publisert på forskning.no.

Av Torstein Helleve
Publisert 6. sep. 2009 19:15 - Sist endret 5. aug. 2020 07:19