Rektorkandidatane vitja Tøyen

Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen ser musea som viktige ressursar for UiO.

Små forskjellar i synet på universitetsmusea si rolle då rektorkandidatene Ottersen og Wyller møttest i valkampmøte på Naturhistorisk museum.

Ole Petter Ottersen var den av kandidatane som slo hardast på stortromma:

- Naturhistorisk museum (NHM) sit med kompetanse på fleire av dei mest aktuelle sakene i dagens samfunn, som biomangfald og verknadar av klimaendringar. Eg kan ikkje skjøna anna enn at ei leiing på universitetet som ikkje klarar å utnytta dette til å kanalisera meir ressursar hit, bør ta sin hatt og gå!

Den utsegna noterte nok alle tilhøyrararane i salen seg til mulig framtidig bruk.

Lang veg til Tøyen

Men teamet til motkandidat Trygve Wyller hadde òg valløfte til musea:

- Det var eit vasskilje og eit startpunkt då det vart avgjort at universitetsmusea framleis skal vera knytt til universiteta. Noko av det fyrste eg vil ta tak i, er å utforma ein heilskapleg museumspolitikk for UiO, sa viserektorkandidat Arne Bugge Amundsen, og viste til at han har arbeidd ved museum i mange år sjølv, og no sit i styret ved Kulturhistorisk museum.

Både sal og panel var opptekne av tilknytinga mellom NHM og UiO, og alle var samde om at musea bør integrerast betre i universitetssamfunnet.

- Vegen er kort frå Tøyen til Blindern. Den er mykje lenger frå Blindern til Tøyen, laud ein av kommentarane frå salen. Det vart òg kommentert at når det no var avgjort at musea skal halda fram som universitetsmuseum, så fører det med seg forpliktelsar for universiteta.

Ikkje Frankenstein

Ei anna sak som fekk ein del merksemd var betre insentiv for formidling. Wyller peika på at alle komitear som har arbeidd med å finna gode modellar for dette, har endt med å kasta inn handkleet. Men han la til:

- Formidling må vera like viktig som forskinga. Ikkje nesten like viktig, som tilfellet for ofte er i dag. I beste fall. Det må jobbast meir strukturert med dette frå sentralt hald.

Inga Bostad, Ottersens prorektorkandidat, peika på den viktige rolla som skuletenesta ved musea har i framtidig rekruttering. Ottersen la til at det var nyttig å visa barn og unge at ein forskar treng ikkje sjå ut som Frankenstein.

Småforsk-midlar

Kandidatane gjorde det klart at dei såg universitetsmusea som ein ressurs for UiO. I tillegg til formidlingsarbeidet, trekte òg begge sider fram at det var mykje å læra av måten NHM har arbeidd med å skaffa seg ekstern finansiering på. Likevel såg dei at det kunne vera behov for å endra budsjettmodellen til UiO for å betra den stramme økonomiske situasjonen for musea.

Av generelle universitetsspørsmål var kandidatane samde om at lovverket tek lite omsyn til dei midlertidig tilsette i vitskaplege stillingar. I synet på breidde kontra kvalitet har kandidatane som kjent byrja å skilja seg noko frå kvarandre, der Ottersen viser meir vilje til å løna kvalitetsmiljø, medan Wyller meiner at kvaliteten veks ut av breidda. Begge var likevel krystallklare på at dei vil vidareføra ordninga med Småforsk-midlar.

Begge kandidatane nytta for øvrig òg høvet til innimellom å forklara tilhøyrarane kva den andre kandidaten egentlig meinte, noko som som regel avfødde motforklaringar frå motparten. Kor vidt desse forklaringane hadde den tilsikta opplysande effekten på tilhøyrarane, er uklart.

Sjå òg:
Lær av universitetsmuseene (lesarbrev i Uniforum av Ottersen sitt team)
Rektorvalet i Uniforum

Ole Petter Ottersen og Trygve WyllerOle Petter Ottersen og Trygve Wyller møttes til debatt på Tøyen. Arkivfoto: Ola Sæther, Uniforum

Av Torstein Helleve
Publisert 19. mars 2009 08:07 - Sist endret 8. des. 2019 10:38