Åkerholmar er ikkje redningsflåtar

Bildet kan inneholde: vann, anlegg, natur, gress, naturlig landskap.

Utsikt frå åkerholme. Foto: Anette Edvardsen, NHM

Åkerholmar er viktige reservoar for sjeldne og truga plantar, har lenge vore den rådande oppfatninga. Men det stemmer ikkje alle stader.

Som navnet antydar, er åkerholmar udyrka område omgjeve av dyrka mark, holmar i åkeren. Grunnen til at desse finst, er som regel at terreng eller jordsmonn har gjort desse små områda vanskelege å dyrka.

Mange plantearter er truga av eit stadig meir intensivt jordbruk, men mange har sett på åkerholmane som mulige overlevingsstader for dei. Men forskinga til Anette Edvardsen viser at dette er ei sanning som må takast med ei stor klype salt.

- Nokre stader er det slik, til dømes i eit område på Vestlandet som er inkludert i studien min. Men på Søraustlandet er biletet eit anna, foklarar Edvardsen, som i desse dagar tek doktorgraden ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Trivielle artar på åkerholmane

Undersøkjingane til Edvardsen er gjort i eit stort sett med data henta frå 16 ruter i terrenget. Kvar rute er 1 kvadratkilometer stor, og dei fordeler seg på fylka Østfold, Vestfold, Akershus, Hedmark og Oppland.

GårdsdamGårdsdammar kan vera veksestader for truga artar. Foto: Anette Edvardsen, NHM

- I desse undersøkjingane finn vi sjeldan anna enn ”trivielle” artar på åkerholmane.

Det som gjer ein art interessant og ikkje triviell for Edvardsen, er at den er sjelden, enten på lokal eller på nasjonal/regional skala, eller at den stiller spesielle krav til veksttilhøva.

Større samanhengjande areal

- Men vi ser at når landskapet er utgjort av store, samanhengjande areal med intensivt dyrka mark, slik det er mange stader på Søraustlandet, påverkar dette åkerholmane òg.

Mange planteartar som tidlegare var vanlege i kulturlandskapet, har fått mindre utbreiing eller står i fare for å forsvinna heilt som fylgje av moderniseringa av landbruket det førre hundreåret.

- Ei direkte årsak er at intensiveringa av jordbruket fører til endra vekstvilkår gjennom bruk av kunstgjødning, sprøytemidlar og meir oppløying. Vi fekk òg mykje større samanhengjande areal med same landskapstype, fordi mange av åkerlappane vart slått saman.

Vil forsvinna

- Kravet om produktivitet og enkel tilgang på t.d. fôr til dyra fører i sin tur til at marginale område vert liggjande brakk, og gror att. Artar som er avhengige av skjøtsel, mister fotfestet og vert gradvis borte.

Denne forsvinninga kan ta lang tid. Edvardsen har funne plantar som treng skjøtsel på stader der det ikkje har vore aktiv drift på så mykje som 60-70 år.

- Men før eller seinare vil dei nok forsvinna, når t.d. buskaset rundt vert høgt eller tett nok, og lyset ikkje slepp til, seier ho.

Rømer til skogs

Anette Edvardsen- Store samanhengjande areal med intensivt dyrka mark påverkar artsmangfaldet på tilgrensande åkerholmar, seier Anette Edvardsen. Foto: Per Aas, NHM

Ein annan konsekvens av meir intensivt jordbruk er at samanslåinga av areal har fjerna randsonene mellom ulike teigar.

- Gårdsdammar, grøfter, åkerkantar, slike små restområde med vegetasjon kan mange stader vera einaste veksestaden for truga artar.

Men sjølv om det vert mindre av slike område, har Edvardsen funne at ein del artar finn nye veksestader i nærliggjande område, t.d. vegkantar. Nokre rømer òg til skogs.

For lite kunnskap

- I skogen finst det ein del naturleg variasjon i veksttilhøva. Eit tre som fell, vil t.d. skapa lysopningar som gjev rom for plantar som treng mykje sol, forklarar ho.

- I tillegg har mykje av den skogen som ligg nær kulturlandskapet, tidlegare vore brukt til beite for kyr. Nokre stader kan skogen til og med ha sitt opphav i tresette slåtteenger, det vi kallar lauveng, hagemarksskog,eller slåttemarksskog.

Ho er likevel klar på at kunnskapen vår er altfor liten til å kunna driva tilfredsstillande overvaking av truga artar, og gjev eit døme:

Stemmer med terrenget

- Ein av metodane eg brukte, er såkalla prediksjonsmodellering. Det går ut på å setja saman store mengder data om terrenget, som høgde over havet, klima, jordsmonn osb., og så berekna sannsynligheiten for at ein skal finna ein art i eit gitt område, ut frå det ein veit om kva veksttilhøve arten treng.

- Så teiknar vi inn dette på eit kart, og så dreg vi for å sjekka at kartet stemmmer med terrenget, bokstavleg talt, smiler ho.

- Resultata er gode nok til å visa at metoden fungerer, men vi har ikkje tilstrekkjeleg med detaljerte nok data enno til at karta våre vert presise nok. Med gode nok data kan prediksjonsmodellering vera kostnadssparande når vi skal leita etter raudlista artar, fordi kart basert på modellen kan gje oss hint om kvar dei kan finnast.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

ÅkerkantKantsoner i det moderne kulturlandskapet kan sjå vakre ut, men inneheld gjerne få sjeldne artar. Foto: Anette Edvardsen, NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 4. okt. 2010 00:00 - Sist endret 4. aug. 2022 09:50