Slik ser eit oskekorn ut

Forskarar ved NHM har teke bilete av oskekorn, forstørra 1100 gonger. Kornet fann dei i Botanisk hage.

- Vi la ut høgglansa laboratoriepapir, 40 x 40 cm, i hagen, fortel fyrsteamanuensis Rune Selbekk og overingeniør Hans Jørgen Berg ved NHM.

- Seinare la vi ein bit med karbonteip over, og trekte den av. Då vi studerte teipen i elektronmikroskopet, fann vi nokre korn som vi har analysert kjemien til. Den stemmer overeins med kjemien på Island, fortel dei.

Målestokken på bileta under er høvesvis 30 og 50 micron, eller 3/100 og 5/100 mm.

Bileta kan fritt lastast ned og brukast mot fotokreditering "Foto: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo".

Sjå òg:
Dette askekornet setter flyene på bakken (Aftenposten web-TV, 20. april)
Slik ser eit oskekorn ut (fyldigare sak på forskning.no, 1. mai)

Mikroskopbilete av askekornDette kornet er forstørra 1100 gonger. Last ned som høgoppløyseleg bmp-fil

Mikroskopbilete av askekornDette kornet er forstørra 850 gonger. Last ned som høgoppløyseleg bmp-fil

Av Torstein Helleve
Publisert 21. apr. 2010 14:51 - Sist endret 10. des. 2019 09:23