Kronprins Haakon: - Vi treng global handling for å overleva

Foto: Ellen C. Sjøwall, NHM

- Det må eit krafttak til, sa Kronprins Haakon då han opna biomangfalddagen 2010, medan Erik Solheim akkurat nådde å opne NHM sitt nye raud- og svartlistebed.

2010 er FN sitt internasjonale år for biomangfald, og Kronprinsen er året sin høge beskyttar i Norge. Dermed passa det bra at det var han som opna biomangfalddagen 2010.

Kronprinsen uttrykte uro for tapet av biologisk mangfald.

- At artar døyr ut, er ikkje noko nytt. Men no døyr dei ut ut i eit stadig raskare tempo, på grunn av menneskeleg aktivitet, sa han, før han vende seg til dei mange skuleelevane som var samla:

Leik og oppdagingar

- Vi blir glade i naturen når vi er små. Leik og oppdagingar lærer oss å gle oss over naturen og forstå at vi er ein del av den. Sjølv om det er mennesket som forsøplar, er det òg vår art som kan beskytta naturen, slo Kronprinsen fast, og oppmoda alle til å bruka biomangfaldåret til gode naturopplevingar.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim hadde oppgåva med å dela ut årets biomangfaldpris. Like før seremonien kom han akkurat tidsnok til å opna NHM sitt nye bed for raudlista og svartelista plantar, dvs. plantar som er truga av utrydding, og plantar som er uynskte i landet.

Statssekretær Heidi Sørensen måtte vikariera på kort varsel med opningstale, ettersom Solheim kom frå møte med Bolivias president Evo Morales. Men han nådde akkurat å vera med på den fyrste omvisinga i ”yin/yang-hagen”, som Sørensen kalla den.

Tre grunnar

Solheim trekte fram tre grunnar til å ta vare på naturen:

- Vi har den religiøse/moralske/filosofiske. Kristne er forplikta til å ta vare på Guds skaparverk. Muslimar, hinduar og andre vil uttrykkja seg annleis, men vi meiner alle det same.

- Dernest har vi den miljømessige. Vi veit ikkje kva uføresette konsekvensar det vil ha om ein art vert borte eller ein ny vert tilført. Aldri har Gro Harlem Brundtland sine ord ”Alt heng saman med alt” passa så godt som når vi snakkar om naturen, sa Solheim.

Den tredje grunnen han nemnde, var nytteverdien. Han trekte fram legemiddelet cyklosporin, som vert brukt i transplantasjonsmedisin og som er utvikla frå eit stoff som vert produsert av ein sopp på Hardangervidda.

- Musea må styrkast

Deretter overrekte han biomangfaldprisen 2010 til Dag O. Hessen, professor ved Biologisk institutt ved UiO.

Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO, la vekt på den sentrale oppgåva NHM har innan forsking på og formidling av naturmangfald. Han poengterte at UiO i den nyleg vedtekne strategiske planen har slått fast at verksemda ved musea må styrkast.

Etter at opningsseremonien var over, vart dei prominente gjestene vist rundt i dei mange bodene som var oppstilte, medan Lars Lillo-Stenberg heldt ein uannonsert minikonsert.

Ut over dagen var det fleire omvisingar og ein jevn straum med besøk til bodene, før Unni Wilhelmsen fekk æra av å avslutta dagen.

Sjå fleire bilete frå Biomangfalddagen

Oversiktsbilete over publikumGodt frammøte då biomangfalddagen vart opna og biomangfaldprisen utdelt. Foto: Per E. Aas, NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 21. mai 2010 16:13 - Sist endret 8. des. 2019 10:38