Planta skotsk furu i hagen

Denne veka hadde NHM besøk av Moira Salmond, kona til den skotske fyrsteministeren. Ho hadde med seg eit tre frå den gamle skotske furuskogen som gåve.

Denne veka var den skotske fyrsteministeren Alex Salmond på offisielt besøk i Noreg. Medan han var oppteken med å snakka om energisamarbeid og vindmøller, nytta kona hans Moira høvet til å vitja Botanisk hage.

- Ho viste interesse heile tida, og spørsmåla hennar synte at ho hadde gode kunnskapar, fortel Brita Stedje, seksjonsleiar for Botanisk hage, som var omvisar på den om lag timeslange rundturen.

Ancient Caledonian Pine

- Ho lot seg spesielt imponera av konseptet og opplegget rundt Oldemors hage, som ikkje er så vanleg andre stader. Ho likte òg godt Urtehagen og korleis Fjellhagen er bygd opp med bekkar og vassfall, og at vi har eit stykke myr frå Nordmarka nederst.

Moira Salmond innleia besøket med å planta eit furutre som gåve frå det skotske folket til Botanisk hage. Treet er henta frå det som vert kalla The Ancient Caledonian Pine Forest, som er det som er att etter dei store skogane som ein gong kledde Highlands-området nord i Skottland. I dag finst berre 1 % att av denne skogen, og styresmaktene arbeider for å ta vare på dei områda som er att, og biomangfaldet der.

Moira Salmond plantar furutreMoira Salmond plantar furua, med museumsdirektør Arne Bjørlykke og seksjonsleiar Brita Stedje som tilskodarar.

Av Torstein Helleve
Publisert 20. aug. 2010 11:21 - Sist endret 8. des. 2019 10:38