NHM stengt laurdag, opnar kanskje sundag

Låste portar ved NHM i helga.

På grunn av vektarstreiken må Botanisk hage og musea haldast stengt laurdag. Dersom meklinga mellom partane laurdag fører fram, er det sjansar for å opna sundag.

Portane til Botanisk hage kan verta stengde frå fredag kveld til måndag morgon.

- Partane sit i mekling laurdag, så vi håpar dei kjem fram til ei løysing, seier seksjonsleiar Cecilie Webb i Seksjon for utadretta verksemd.

- Men laurdagen er vi uansett nøydde til å stengja hagen, og dermed sjølvsagt òg musea. Vi hadde sjølvsagt håpa å unngå dette, ikkje minst fordi Botanisk hage er på nesten sitt flottaste om dagen, seier Webb. Planlagde omvisingar kan heller ikkje gjennomførast.

Ho kryssar fingrane for at partane kjem til ei løysing laurdag, slik at NHM kan opna att som vanleg på sundag. Ho oppmodar publikum til å fylgja med i media eller på www.nhm.uio.no for å få med seg utfallet av streiken.

Saka er oppdatert fredag 18. juni.

Av Torstein Helleve
Publisert 17. juni 2010 14:00 - Sist endret 8. des. 2019 10:36