Tomme bed i Systematisk hage

Bildet kan inneholde: anlegg, plantesamfunn, grønn, blad, blomst.

Manglande ressursar fører til at det ikkje vert planta ut eittårige plantar i Systematisk hage i år.

- Så vidt eg kjenner til, er det fyrste gongen i Systematisk hage sin historie at vi ikkje har planta ut eittårige plantar, seier professor Brita Stedje.

- Det fører til reduserte opplevingar og redusert læringsutbyte for dei besøkjande, og det beklagar vi sjølvsagt sterkt.

Kontrollbestemma

Det er mangelen på botanikarar som har ført til denne avgjerda.

- Problemet med å ikkje ha ein ansvarleg botanikar er at det ikkje er nokon som kan gå gjennom samlinga som Systematisk hage er. Ingen som kan kontrollbestemma, sjekka nomenklatur, ha ansvar for kva som skal plantast ut av nytt og laga nye etikettar om det trengst.

Tomt bed i Systematisk hageI år vert dette bedet ståande tomt.

- Egentlig er det tre botanikarar knytt til Botanisk hage. Men sjølv fungerer eg som seksjonssjef for Botanisk hage i påvente av at det vert tilsett nokon i den stillinga, dei to andre har òg andre arbeidsoppgåver for tida, og det er ikkje midlar til å setja inn vikarar, forklarar Stedje.

Fagleg kvalitet

Mange av dei besøkjande i Botanisk hage tenkjer kanskje ikkje over at hagen fyrst og fremst er ei vitskapleg samling av levande plantar.

- Derfor er det så viktig at den faglege kvaliteten er god nok, seier Stedje.

Ho understrekar at dei fleirårige plantane vert ståande, og at desse har vore sjekka av botanikar i fjor.

Av Torstein Helleve
Publisert 27. mai 2010 16:00 - Sist endret 21. apr. 2022 16:58