Uviss framtid for sårbar bille

Foto: Hallvard Elven, NHM

Ein truga art som er avhengig av ein annan truga art for å overleva, har ikkje den beste oddsen for å overleva. Men riktig skjøtsel kan redda den sjeldne drakehovudglansbilla.

Insektet med det fantastiske navnet finst berre rundt Oslofjorden og – kanskje – i Kaliningrad. Billa har ikkje gjort det lett for seg sjølv ved at den berre lever på blomen drakehovud, som òg vert rekna som ein truga art.

− Når ein art er så avhengig av ein annan art, stiller den sjølvsagt svakare i konkurransen. Ikkje minst når det vert store avstandar mellom forekomstane av vertsplanten, forklarar Hallvard Elven, doktorgradsstipendiat ved Nasjonalt senter for biosystematikk ved NHM.

− Fleire stader ser vi at sjølv om tilhøva tilsynelatande ligg til rette for det, finn vi likevel ikkje drakehovudglansbilla. Som oftast ser vi dette der det er langt mellom stadene der drakehovud veks.

Fyrste gong utanfor Oslogropa

Elven har nyleg skrive ein rapport for Fylkesmannen i Oslo og Akershus, der han har kartlagt kvar drakehovudglansbilla finst.

− Feltarbeidet vart gjort i sommar, og stadfester og utfyller det vi visste frå før. Å innhenta meir kunnskap om blomen og billa var eit av dei prioriterte tiltaka i Direktoratet for naturforvalting sin handlingsplan for dei to artane, seier Elven.

DrakehovudglansbilleDrakehovudglansbilla lever berre på blomen drakehovud. Foto: Hallvard Elven, NHM

I 2009 vart drakehovudglansbilla for fyrste gong funnen utanfor Oslogropa i Norge, i Hole kommune i Buskerud. Elven fann òg biller fleire stader då han undersøkte dette området, og fekk dermed stadfesta at billa er utbreidd der.

Tvil om funn utanfor Norge

Den einaste staden utanfor Norge drakehovudglansbilla skal vera funnen er i Kaliningrad i Russland, men Elven dreg litt på det når han snakkar om det.

− Funnet er stadfesta av ein av dei fremste ekspertane på området, så vi bør jo tru på det. Men samstundes er det snakk om eldre funn, så det knyter seg nok litt tvil til registrerte funn utanfor Norge.

Ein grunn til bekymring for dei to artane er at dei kjende bestandane for blomen er i ferd med å bli færre, mindre og lenger frå kvarandre.

− Drakehovud veks på kalkrike, tørre enger. Denne landskapstypen er spesielt rik på artar. Men den vert stadig mindre utbreidd, delvis pga. endringar i landbruket, og delvis fordi den langs kysten vert fortrengt av nye hytter og småbåthavner, seier Elven.

Ny forskrift

− Dermed er det sannsynleg at drakehovud er på tilbakegang i Noreg, sjølv om vi ikkje har registrert at utbreiingsområdet har minka. Dei stadene der drakehovud er mest utsett, er diverre òg dei stadene der vi finn drakehovudglansbilla.

I 2010 vart ei ny forskrift sendt ut på høyring, der drakehovud vart foreslått som prioritert art. Elven trur at vern og riktig skjøtsel av planten vil vera nødvendig for å sikra livsgrunnlaget for drakehovudglansbilla på sikt.

− Det hender eg blir spurt om kva som er vitsen med å kartleggja ein art som ”ingen” ville merka om forsvann, smiler han.

− Men både drakehovud og drakehovudglansbille er representative for artar som lever i same landskapstypen og opplever dei same trugsmåla. Og vi ynskjer jo ikkje å mista nokon artar.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Hallvard ElvenHallvard Elven på resultatlaus leiting i Ekebergåsen. Han brukar ein slange til å suga opp insekta, som vert fanga opp av eit filter inne i slangen. Foto: Hallvard Elven, NHM

Av Torstein Helleve
Publisert 7. feb. 2011 05:00 - Sist endret 17. aug. 2020 12:02