Øglegravarane bloggar på National Geographic

For sjuande gong reiser eit team frå NHM for å grava ut fossil av marine øgler på Svalbard. Dei gjev dagleg rapport på nationalgeographic.com.

I mai vart fyrsteamanuensis Jørn Hurum kåra til "emerging explorer" av National Geographic. Som ein fylgje av det kan no øglegravarane ta i bruk nettsidene til formidlingsgiganten til å fortelja om utgravingane dag for dag.

− I fjor samarbeida vi med forskning.no, men National Geographic er nok hakket større, humrar Hurum.

Debuterer som bloggredaktør

Med i gruppa denne gongen er fyrsteamanuensis Charlotte Sletten Bjorå frå NHM, til dagleg botanikar, men no òg bloggsjef.

− Jørn og dei andre har hendene fulle med utgravingane. Det er berre ein kort periode det let seg gjera å driva utgravingar på Svalbard, så tida må nyttast godt, forklarar ho.

− Derfor er eg med som bloggredaktør. Det vert ei ny rolle for meg, og det gler eg meg til, smiler ho, men legg til at ho òg er med for å samla inn plantar som skal forsterka NHM sine botaniske samlingar frå Arktis.

To steg framover

I fjor var det direkteoverføring frå utgravingane. Det har ein ikkje lukkast med å få til i år, så teamet legg innhaldet på ein minnepinne.

Charlotte Sletten Bjorå− Eg gler meg til å bli videobloggar, seier Charlotte Sletten Bjorå. Foto: Per Aas, NHM

Så vert den teken med til Longyearbyen med det daglege guidebesøket frå Spitsbergen Travel. Derfrå vert den sendt elektronisk til National Geographic.

Ikkje like elegant som i fjor, altså, men Hurum meiner at eit steg tilbake teknisk sett vert meir enn vege opp av to steg framover når det gjeld innhaldet.

Fortelja kva som skjer

− Ein av tinga som vi fann ut i etterkant i fjor, var at vi mangla kommentarar om kva som skjedde, og når noko skulle skje.

− Resultatet var at mange besøkjande berre fekk sjå nokre telt langt borte under midnattssola, ingen personar, og ingen informasjon om når dei kunne få sjå noko action, seier Hurum.

− I år skal vi, med Charlotte si hjelp, fortelja meir om kva som foregår.

Fylgj øglebloggen her

Av Torstein Helleve
Publisert 1. aug. 2011 02:45 - Sist endret 6. apr. 2022 13:47