– Arbeidet med Rødlista viser kor viktige musea er

– Arbeidet med Norsk Rødliste 2010 viser at vi ikkje kjem utanom universitetsmusea sin kompetanse når vi skal kartleggja og forvalta naturmangfaldet, seier forskingssjef Fridtjof Mehlum.

Norsk rødliste 2010 vart lansert av Artsdatabanken i november i fjor, og er, som det heiter i forordet, ”i hovedsak en prognose for arters risiko for å dø ut fra Norge”. Nesten ein fjerdedel av ekspertane bak Rødlista arbeider ved eit av universitetsmusea.

– Det er viktig å understreka at arbeidet med Rødlista fyrst og fremst er eit samarbeid mellom mange institusjonar, under leiing av Artsdatabanken. Utan eit slikt samarbeid vil ikkje arbeidet ha den nødvendige tyngda og truverdet, seier Mehlum, forskingssjef ved NHM.

DNA-forsking gjev ny innsikt

– Musea sitt bidrag inn i dette samarbeidet er tufta på den kunnskapskjelda som samlingane er, og den kompetansen som er opparbeida i forvaltinga av dei.

Fridtjof Mehlum

– Rødlista er fyrst og fremst eit samarbeidsprosjekt, seier Fridtjof Mehlum. Foto: Per Aas

Samlingane ved musea inneheld innsamlingsdata frå langt tilbake, og frå store delar av landet. Stadig aukar samlingane med nye observasjonar og innsamla objekt.

– Dette set oss i stand til å studera t.d. utbreiing av artar over tid. I nyare tid har òg DNA-forskinga ved musea og ei rekkje andre institusjonar gjeve oss ny innsikt.

– Ikkje minst er dette viktig innan biosystematikken, der vi no kan identifisera artar langt sikrare enn tidlegare. Det er vel overflødig å peika kor viktig det er for naturforvaltinga at vi klarar å skilja ulike artar frå kvarandre, smiler han.

Endra oppfatningar

Einar Timdal frå NHM leia ekspertgruppa for lav i samarbeid med Bergen museum, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Norsk institutt for skog og landskap.

− Der artsbestemmelsen var uproblematisk, kunne vi bruka observasjonar og litteraturopplysningar, fortel han.

Men utan mikroskopering og/eller kjemisk analyse, kan dette vera vanskeleg for lav. I tillegg har oppfatninga om kva artar som finst endra seg dei siste tiåra.

− Derfor har det innsamla materialet i universitetsmusea vore eit heilt nødvendig hovudgrunnlag for oss, slår Timdal fast.

Einar Timdal

– Innsamla materiale i universitetsmusea har vore heilt nødvendig for oss, seier Einar Timdal. Foto: Per Aas

267 millionar observasjonar

I dag ligg informasjon om alt norsk materiale av lav i universitetsmusea tilgjengeleg gjennom Artskart ved Artsdatabanken. Det utgjer til saman 200.000 innsamlingar. Saman med data i observasjonsdatabasar og materiale i utanlandske museum har vi rundt 320.000 enkeltfunn av lav i Norge.

− Alt dette er òg tilgjengeleg gjennom Global Biodiversity Information Facility (GBIF), ein global, søkbar, internettbasert database, fritt tilgjengeleg for alle, fortel Timdal, som leiar den norske noden av GBIF.

GBIF inneheld tid- og stadfesta registreringar av artane på jorda. Pr. i dag er 267 millionar observasjonar tilgjengelege her. Om lag ein tredjedel av dette er dokumentert med innsamlingar i naturhistoriske museum.

− GBIF er primært ein infrastruktur for grunnforsking innan biologisk mangfald. Men arbeidet med Rødlista er eit døme på at GBIF òg leverer data med høg relevans for berekraftig forvalting av jorda og dei levande organismane som lever der, seier Timdal.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

NHM sine deltakarar i ekspertgruppene

Huldrestry

Huldrestry, ein av dei raudlista lavartane. Foto: Einar Timdal

Åge Brabrand, ekspertgruppa for fisk
Trond Bremnes, svampar/koralldyr
John E. Brittain, døgnfluer/augestikkarar/steinfluer/vårfluer
Marit E. Christiansen, krepsdyr
Reidar Elven, karplantar
Rune Halvorsen, mosar
Lars Ove Hansen, rettvengjer/saksedyr/kakerlakkar (leiar av gruppa), veps (leiar), nebbfluer/kamelhalsfluer/mudderfluer/nettvengjer
Jan Lifjeld, fuglar
Oddvar Pedersen, karplantar
Heidi Solstad (no ved Vitenskapsmuseet NTNU), karplantar (leiar)
Geir Søli, tovengjer
Einar Timdal, lav (leiar)
Øystein Wiig, pattedyr
Leif Aarvik, sommarfuglar (leiar)

Av Torstein Helleve
Publisert 15. jan. 2011 05:00 - Sist endret 20. aug. 2020 12:17