Derfor går ikkje VM i Østmarka

Marit Bjørgen på veg mot gull. Foto: Tore Afdal/Ski-VM 2011

Årsaka til at Marit Bjørgen, Petter Northug og dei andre VM-deltakarane jaktar på kvarandre i Nordmarka og ikkje i Østmarka, ligg 250-300 millionar år tilbake i tid.

− I denne perioden, perm, skjedde det dramatiske geologiske endringar i Oslo-området. Jordskorpa revna, og delar vart pressa ned og erstatta av vulkanske bergartar som trengde opp, fortel professor Hans Arne Nakrem ved NHM.

Då desse bergartane storkna, danna det seg mjukt avrunda åsparti, som vert kalla kollar. Vi finn desse formasjonane igjen i navn som Holmenkollen og Grefsenkollen.

Det norske urfjellet

− Her er det fint turterreng i alle retningar. Anten ein brukar sykkel, ski eller beina, er terrenget behageleg å ferdast i.

Hans Arne Nakrem− Geologien er årsaka til at ski-VM går i Nordmarka, seier Hans Arne Nakrem. Foto: Per Aas, NHM

Nokre kilometer lenger aust er landskapet annleis. Østmarka består av folda gneis, rundt ein milliard år gammal.

− Dette er sjølve urfjellet, det norske grunnfjellet. Her er landskapet langsgåande åsar og djupe kløfter. Det går greitt å gå langsetter, men å gå på tvers er vanskeleg.

Fylkessteinen nordmarkitt

− Landskapet byr rett og slett ikkje på like mange moglege løypetraséar som Nordmarka, forklarar Nakrem.

OslofeltetOslofeltet strekkjer seg ned langs Oslofjorden. Kart: Norges geologiske undersøkelse

Området som vart danna då jordskorpa sprakk, er kjent som Oslorifta eller Oslofeltet. Det strekkjer seg frå Østfold i aust til Hønefoss i vest.

Oslorifta er internasjonalt særmerkt, og mange bergartar har fått navna sine herfrå. Oslo sin fylkesstein er t.d. nordmarkitt.

Ski-VM i Kenya?

− Og bergarten rombeporfyr kjenner vi berre frå tre stader i verda: Oslorifta, Antarktis og det som vert kalla Den austafrikanske rifta. Dei siste 2-3 millionar åra har tilhøva der vore ganske like tilhøva rundt Oslo i perm: vulkansk aske, ørken, tørt klima, fortel Nakrem.

− Men det vert nok likevel enno ei stund til ski-VM vert arrangert i Kenya.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Av Torstein Helleve
Publisert 25. feb. 2011 05:00 - Sist endret 6. apr. 2022 13:47