Ei heilt vanleg helg på jobben

Forskingsformidling er ikkje nokon måndag-til-fredag-jobb.

Ved sida av forsking og undervisning, er formidling ei av dei tre hovudoppgåvene til universiteta. Den skjer i fleire ulike kanalar. Ein av dei viktigaste er kanskje det direkte møtet mellom forskar og publikum, gjennom foredrag, omvisingar og ekskursjonar. Men då kan ein ikkje pakka saman arbeidet på fredag klokka fire og ta fri til måndags morgon.

− Skal vi nå ut til folk, må vi møta dei når dei har tid. Vi kan ikkje forlanga at publikum skal ta seg fri frå jobb eller skule for å koma på arrangementa våre.

− Og då seier det seg sjølv at vi må bruka ettermiddagar og helger, seier Jørn Hurum, kjend som ein av dei ivrigaste og beste formidlarane i landet.

Uvurderlege bidrag frå veneforeningane

Han ramsar opp nok av det tilsette ved NHM og veneforeningane har hatt føre seg denne helga:

  • laurdag: svalbardøgler på Idéfestival med fleire tilsette ved museet og medlemmer frå PalVenn (5000 besøkjande)
  • laurdag: fossilsafari i Slemmestad med 100 skuleborn
  • laurdag: foredrag for Mineralsymposiet på Kongsberg (150 amatørgeologar)
  • sundag: fuglemorgon i Botanisk hage (85-90 deltakarar)
  • sundag: omvisingar i Botanisk hage ved Botanisk hages Venner (35 deltakarar)
  • sundag: utflukt med Steinklubben (40 barn og vaksne)
  • sundag: fossiljakt i Mjøndalen (150 barn og vaksne)

− Og denne lista er heilt sikkert ikkje fullstendig. Eg reknar med at både botanikarar og zoologar har hatt ting fore som ikkje eg kjenner til, seier han.

Han er raskt ute med å rosa veneforeningane for dei uvurderlege bidraga dei gjev til museet sitt arbeid.

− Sjølv har eg mest kontakt med PalVenn (Paleontologisk museums Venner) og til dels GMV (Geologisk Museums Venner), men Botanisk hages Venner gjer jo òg ein strålande jobb med m.a. Vårtreff og Julemarked, seier han. Årets Vårtreff skjer no til helga.

Kompetanse treng vedlikehald

Hurum tillet seg eit lite hjartesukk til slutt.

− Slik universiteta vert finansierte i dag, løner det seg på kort sikt å nedprioritera formidlinga til fordel for forsking og undervisning. Den langsiktige effekten av formidling er vanskeleg å måla, og den kastar ikkje særleg av seg i kroner og øre.

− Formidlingskompetanse må byggjast opp og haldast ved like, på same måten som annan kompetanse. Den kjem ikkje flytande av seg sjølv, legg han til.

Publikum rundt isøgla Jente med isøgla

Hurum, Arons og isøgla Gut med isøgla

Isøgla sett ovanfråFrå laurdagens idéfestival på Blinderen, der ein isskulptur av ei av fiskeøglene som er funne på Svalbard, vart gjort ferdig på føremiddagen og deretter fekk smelta bort i løpet av dagen. Skuplturen var utført av kunstnaren Lukas Arons, som vi ser saman med Jørn Hurum oppe til høgre. Foto: Ulla Schildt, NHM/UiO, unnateke foto nederst Bjørn Funke, PalVenn

Av Torstein Helleve
Publisert 14. juni 2011 14:32 - Sist endret 9. des. 2019 13:32