Populært kurs i modellering av artsmangfald

Modellert sannsynlegheitskart for å finna naturtypen "åpen grunnlendt kalkmark" på Nakholmen i Oslofjorden. Mørkare blåfarge tyder auka sannsynlegheit. Figur: Vegar Bakkestuen

Data frå GBIF og Artsdatabanken dannar grunnlaget for eit nytt universitetskurs for studentar på PhD- og masternivå. Her lærer dei å laga sine eigne «skattekart» for utbreiing av artar. Interessa er så stor at folk står på gangen for å fylgja undervisninga.

– Det som har gjort dette mogleg, er at vi og Artsdatabanken i samarbeid med fagmiljøa i Norge har gjort data våre om biodiversitet fritt tilgjengelege.

– Meir enn 11 millionar data er delt til no, og dette er berre byrjinga, seier Vegar Bakkestuen ved Naturhistorisk museum, den norske noden for GBIF (Global Biodiversity Information Facility).

Han kan fortelja at Norge er på femte plass i verda når det gjeld å dela data om biomangfald.

Bakkestuen og kollegane ved GBIF har no starta opp eit kurs i modellering av utbreiing av artar ved å setja saman data frå Artsdatabanken og GBIF med kartdata, klimavariasjonar gjennom året, geologi, hydrologi osv.

Evaluera og forbetra

– Vi lærer dei korleis dei kan setja saman sine eigne skattekart for å finna artar, enten det er snakk om sjeldne og utrydningstruga artar, invaderande og svartelista artar eller nytteartar, forklarar Bakkestuen.

Men som med alle andre kart, må desse karta òg stemma med terrenget. I kurset lærer derfor studentane òg korleis dei kan evaluera og forbetra modellane og karta sine etter å ha brukt dei som grunnlag for feltstudiar.

Det fyrste kurset med 26 plassar vart fullteikna, med fleire på venteliste. GBIF tok sjansen på å overbooka med eit par plassar, i tilfelle det skulle verta fråfall, slik det gjerne er på kurs på dette nivået. Men det motsette skjedde: over 30 studentar møtte, og fleire måtte fylgja undervisninga frå gangen.

Drakehovud og brunsniglar

– Mest av alt viser etterspurnaden det store potensialet som kan utløysast når vi deler data på denne måten, både for forsking og naturforvalting, seier Bakkestuen.

Han fortel at kurset vert fulgt av studentar frå Europa, Asia og Afrika, og at GBIF fritt deler data med u-land dersom det ein gong har vore norske forskarar der for å samla inn data.

I løpet av kurset gjennomfører studentane eit prosjekt på ei sjølvvald problemstilling. Døme på slike problemstillingar er potensielle gyteområde for torsk i Oslofjorden, utbreiing av planten drakehovud og den tilhøyrande drakehovudglansbilla, og invaderande brunsniglar.

– I eit par av desse oppgåvene kan vi sjå potensialet i slike modelleringar. Ikkje berre kan vi seia kor sannsynleg det er finna ein art i eit bestemt område i dag, vi kan òg anslå korleis situasjonen vil vera i nær framtid, seier Bakkestuen.

Ulike modellkart over NorgeModellert sannsynleg utbreiing for 9 utvalde soppar i Norge. Jo mørkare farge, jo høgare sannsynlegheit for at arten finst i desse områda. Kvite prikkar viser stadfunn av artane delt av GBIF og Artsdatabanken. Figur: Vegar Bakkestuen

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 23. okt. 2012 20:10 - Sist endret 9. des. 2019 14:33