Montermaling i Mineralsalen

Denne veka luktar det maling i Mineralsalen i W.C. Brøggers hus (Geologisk museum).

Monterane vert tømde og får mørk grå maling innvendig.

Med jevne mellomrom treng utstillingane ved NHM oppussing. Denne veka hoppar tilsette og studentar i malingdressane og tek eit skippertak for å få malt monterane i Mineralsalen.

– Det er ikkje store oppussingane det er snakk om. Alt vi gjer er å gje innsida av monterane eit friskt strøk med maling, seier mineralog Rune Selbekk. Malingsjobben tok til i dag, og vil foregå til og med onsdag.

– Men salen vert verande open for publikum, og vi vil prøva å forstyrra dei minst mogleg. Nokre vil kanskje synast det er litt interessant med ein liten gløtt inn i kvardagsarbeidet ved museet, som elles stort sett går føre seg bak kulissane, seier han.

Fornyingsplanar

Sjølv om museet arbeider med planar om å fornya dei gamle utstillingane, synest ikkje Selbekk jobben er unødvendig.

– For det fyrste er dette som sagt ein relativt liten jobb. Og vi kan ikkje neglisjera utstillingane heilt sjølv om vi samtundes arbeider med fornyingsplanar. Ein viss standard har publikum lov å forventa, seier han.

– Vi brukar denne anledninga til å prøva ut nokre nye utstillingar som skal gjerast ferdig i løpet av våren. Blant anna vert det utstilling av mineral frå kvart fylke, slik at folk kan få eit lite glimt av kva som eksisterer på heimstaden deira.

Langs golvet står utstillingsobjekta og ventar på å koma tilbake til monteren sin.

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 28. jan. 2013 15:24 - Sist endret 8. des. 2019 10:38