NHM best besøkte museum i 2012

663 000 besøkjande var innom portane på Tøyen i fjor.

– Dette er vi sjølvsagt svært nøgde med. Vi skal gjera så godt vi kan for halda oss på toppen i år òg, seier seksjonsleiar Cecilie Webb i Utadretta seksjon ved Naturhistorisk museum (NHM).

Tala kjem frå Norges museumsforbund, og er foreløpige. Dei offisielle tala frå Statistsk sentralbyrå kjem fyrst til sommaren, men Museumsforbundet har lagt fram foreløpige tal i fleire år, og dei har vist seg å stemma godt overeins med dei offisielle. Dei understrekar ilkevel at dei ikkje har fått tal frå alle musea, til dømes manglar Kulturhistorisk museum.

Nøyaktigare tal

Sjølv om ho er fornøgd med fyrsteplassen, har ikkje Webb tenkt å kvila på laurbæra.

– At vi inntek fyrsteplassen skuldast nok noko så prosaisk som at vi har fått meir nøyaktige tal. Tala frå dei nye teljeapparata vi installerte i Botanisk hage i fjor vår, viser at vi nok har hatt ei underrapportering tidlegare.

– Med andre ord er det heller snakk om at vi no har ei meir realistisk plassering, enn at vi har vore spesielt mykje betre i 2012 enn tidlegare år, seier Webb. Ho legg til at tala er justert ned slik at ein ikkje skal telja med dei tilsette når dei kjem på jobb.

Jubileum i 2014

Webb siktar mot å setja ny besøksrekord til neste år, då museet feirar jubileum. I 2014 er det 200 år sidan Botanisk hage, den eldste delen av museet, vart grunnlagd.

– 2013 skal ikkje vera noko kvileskjer, i heile år skal vi halda fram med å gje publikum det tilbodet dei kjenner. Men til neste år skal både hagen og musea fyllast av publikum. Når NHM jubilerer, skal vi ha heile Oslo og halve resten av landet med på festen, lovar Webb.

Les meir

Museumsbesøk 2012 (Museumsforbundet)

Plantedisk og publikummereBotanisk hages Venners vårtreff er ein årleg publikumsmagnet. Foto: Kristina Bjureke, NHM

Av Torstein Helleve, nettredaktør NHM
Publisert 25. jan. 2013 11:23 - Sist endret 17. aug. 2020 13:34