Tagga vikingbenk i snøen

Det er ikkje desillusjonert storbyungdom som har merka snøen i Botanisk hage med spraymaling. Strekane markerer kvar den nye Vikinghagen skal liggja.

– Her skal benken ligge (kanskje)! Petter Bøckman markerer med blå spraymaling. Foto: Anneleen Kool, NHM

Til neste år feirar Naturhistorisk museum 200-års jubileum, og ei av dei største hendingane vert opninga av ein vikinghage i sørenden av Botanisk hage. Torsdag var det idemyldring med arkeologar, museumspedagogar, botanikarar, zoologar, geologar og ein landskapsarkitekt.

– Vi starta innandørs med å teikna på eit kart, deretter gjekk vi ut og spraymalte på snøen kvar forskjellige element skulle vera, fortel fyrstelektor Anneleen Kool.

Ikkje i mål

– Vi er ikkje i mål med planleggjinga enno. Men blant det som kan koma til å dukka opp, er ein båtforma benk, delvis inspirert av denne benken i Dublin, ein eller to bruer over Tøyenbekken, og eit formidlingshus, med eller utan veggar. Det vil ikkje vera nokon rekonstruksjon, men skal vera inspirert av vikingane sine hus, fortel ho.

Noko som heilt sikkert vil dukka opp, er ein åker og fleire bed med plantar som vikingane dyrka.

– Det botaniske er heilt sentralt for planen. Utan formidling av kunnskap vert dette berre ein gimmick, seier Axel Dalberg, sjef for Botanisk hage.

Natur- og kulturhistorie

– Vi skal visa plantane som vikingane brukte til mat, medisin, farging av klede osv. Dei hadde òg med seg eksotiske plantar heim frå ferdene sine som vi vil visa. På Gotland er det t.d. funne vindruer frå denne tida, og i Danmark koriander.

– Eg har ynskt å få til noko som dette sidan eg tok til her i 2011. Og det passar jo bra å opna eit anlegg med ikkje berre naturhistorie, men òg kulturhistorie, til neste år. Det er jo ikkje berre NHM som har 200-års jubileum i 2014, smiler han.

26. mai kan du få ein forsmak på kva Vikinghagen kan innehalda, på Vikingdagen i Botanisk hage.

Anneleen Kool og Axel Dalberg under fjorårets Vikingdag ved NHM.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 1. feb. 2013 10:48 - Sist endret 5. aug. 2022 10:32