Til lukke med dagen, Edvard!

… og vel blåst til Munch-museet, som leverte jubileumsstafetten vidare til NHM ved Edvard Munchs bursdagskakebed.

Tilsette frå NHM og Munch-museet samla rundt Munchs bursdagskakebed. Foto: Karsten Sund, NHM

12. desember 1863 vart Edvard Munch fødd, og fødselsdagen hans vart dermed avslutninga på 150-års-jubileet. Munch-museet markerer avslutninga med tur til fødestaden hans på Løten, men fyrst var direktør Stein Olav Henrichsen til stades på ei lita markering ved NHM.

Ved hovedgården har nemlig Botanisk hage anlagt eit bløtkakebed med røsslyng, og i anledning bursdagen var den pynta med lys. Allsang for jubilanten vart det òg, med ein spesialversjon av «Happy birthday to you».

Henrichsen oppsummerte eit hendelsesrikt jubileumsår. Det inneheldt ikkje berre publikumsrekordar, 20 000 utanlandske medieoppslag og ei løysing på spørsmålet om kvar det nye Munch-museet skal liggja, men òg nedbemanningar som ikkje ville få full effekt før til neste år.

Gjennom naturen

Han og NHM-direktør Arne Bjørlykke var samde om at sjølv om det 50 år lange naboskapet mellom dei to musea ikkje alltid har vore like intimt, så har det likevel vore eit godt naboskap.

I NHM sitt jubileumsår samarbeider dei to musea om utstillinga «Gjennom naturen», og begge direktørane uttrykte ynskje om at samarbeidet skulle fortsetja òg etter at Munch-museet flyttar til Bjørvika.

– Eg ynskjer NHM lukke til med jubileet i 2014, det fortener de, sa Henrichsen.

– Eg håpar òg at de får nye gode naboar. Eg tillet meg å meina at Munch-museet ikkje har hatt den byutviklingseffekten ein kanskje hadde håpa på femtitalet. Det kan vera andre aktivitetar som kan bidra sterkare til at bydelen får det løftet den fortener, sa Henrichsen.

To gode naboar: direktør Stein Olav Henrichsen frå Munchmuseet og direktør Arne Bjørlykke, NHM. Foto: Karsten Sund, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 12. des. 2013 10:15 - Sist endret 8. des. 2019 10:38