9000 deltok på NHMs 200-årsfeiring

Botanisk hage viste seg frå si beste side då NHM feira 200 år med benkeavduking, NHM-festival og veksthuskake.

Trass i langhelga fann nesten 9000 besøkjande vegen til NHM si feiring av at det er 200 år sidan grunnleggjinga av Botanisk hage, den eldste delen av museet. Feiringa opna med ein salutt frå Petter Bøckman. Deretter var det helsingar frå byråd Hallstein Bjercke og prorektor Ragnhild Hennum.

Konferansier Eirik Newth batt det heile saman med trygg hand. Han hadde òg tid til ein prat med Liv Borgen om boka hennar om Botanisk hages historie, og med museumsdirektør Arne Bjørlykke om museet si framtid.

Deretter var det avduking av Frederik VIs benk, den kongelege gåva frå Botanisk hages Venner til Botanisk hage i samband med museets si 200-årsfeiring. Før det heile vart avslutta med tre timar med foredrag og omvisingar over heile museet, var det kake til alle som ville ha. Kaka var levert og delvis sponsa av Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), og var inspirert av planane om nytt utstillingsveksthus.

Petter Bøckman skjøt salutt for 200-åringen. Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Den 15-årige Trond Sagbakken spilte "Se Norges blomsterdal" fra taket på Palmehuset før avdukingen av Frederik VIs benk. Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Konferansier Eirik Newth og jubileumsgeneral Axel Dalberg Poulsen (til høyre). Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Museumsdirektør Arne Bjørlykke og styreleder Kristin Halvorsen var de første som inntok Frederik VIs benk. Benken er gitt til Botanisk hage av Botanisk hages Venner i forbindelse med NHMs 200-årsjubileum. Axel Dalberg Poulsen fortsatt til høyre. Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Bursdagskaken fra SiO var inspirert av kuplene i de nye veksthusplanene. Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Selv om kakekøen var lang, var det nok til alle. Foto: Bjørn Aksel Bjerke, NHM

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsleiar NHM
Publisert 2. juni 2014 15:06 - Sist endret 8. des. 2019 10:38